lørdag 30. august 2014

Terrassebord og gjerde

Kanskje bra at eg ikkje vart kontakta av TV2 og Tid for hjem.  Det er ikkje alltid eg er misunneleg på dei som får pussa opp heimane sine på dei mest sære måtar.  Men det er utruleg fascinerande å sjå på. 

 Her på min eigen veranda er det eg som har bestemt korleis det skal sjå ut og bror min som gjer arbeidet.  No skjønar eg kvifor folk betalar fagfolk for å gjera jobben.

Fantastisk å koma heim frå arbeid og sjå at det har vorte gjort noko medan eg var vekke, i staden for å måtta laga middag, og tvinga seg sjølv til å arbeida ei økt før borna må leggjast, og så ut igjen ei økt etterpå.


Både gjerde og levegger er fjerna.  Ny levegg og halvtak skal koma på enden av verandaen.



Eg burde absolutt ha olja golvborda før det kom regn, men eg fekk ikkje tid denne veka.  Kanskje eg rekk det neste veke, det skal vera fint ver då og.

2 kommentarer:

  1. Vart og blir kjempefint! Kor i Nhs e d du bur eigentleg?

    SvarSlett
  2. Eg bur i Skutlalia, rett oppom Sundsvik.

    SvarSlett