søndag 25. september 2011

Peter sitt rom

Eg skulle ta bilete av Peter sitt rom i dag til bloggen, og ville jaga han ut. Det synest han var heilt urimeleg! Han har heilt rett, det er hans rom, så han (og Martin) vart med på bileta.









Før: Dette rommet var nok det som aller mest trong oppussing: rosa tapet, malt panel, umalt panel, blått og kvitt tak, øydelagde gardiner.



Etter: Alle veggene i same farge gjorde susen! Peter og eg var samde om at han skulle få lysegrønt rom. Eg kjøpte ein veldig lys grøn maling og sette i gang med å mala. Peter fekk sjå då eg hadde malt eitt strøk, og utbraut skuffa: men det er ikkje grønt! Så eg måtte på fargehandelen og få meir farge i, no er han veldig fornøgd!





Før: Det stod ei dobbeltseng i rommet (du ser så vidt hjørnestolpen) og tok nesten heile golvplassen.



Etter: Peter har fått Otto sin gamle sovesofa. Den var trekvit og hadde stofftrekte plater i endane. Peter ville ha heile senga grøn, eg synest det kunne verta litt for mykje grønt, så eg malte sjølve senga kvit og fjerna stoffet frå sponplatene og mala dei grøne.



Før: Teakdør



Etter: Det var finare med kvit dør. Ikkje så lett å sjå, men både taket og bjelkane er kvite no.




Før: Då eg flytta dette klesskapet for å mala bak, datt det frå kvarandre. Fukt+sponplatemøblar=uff.



Etter: Laminatgovet har og teke skade og er nedsige. Etter det dei seier er årsaka til fukta vekke
Men til eg får gjort noko med golvet (fugeskum?) står det nye klesskapet slik, det går ikkje an å opna dørane viss det ikkje står tilnerma beint.


Peter og Martin kosar seg mykje saman på rommet. Førebels er det berre Peter som søv der, dei klarar ikkje roa seg viss dei legg seg på same rom.



Peter ville syna at det går an å ta skuffa av gravemaskina...


...og på igjen.











Flyttetips

Basert på erfaringane med flyttinga vil eg dela nokre tips her:


1. Det er ein fordel å få målt opp romma i det nye huset og eventuelt få nokre bilete så ei kan planleggja kva møblar som passar inn og kva det er aktuelt å kvitta seg med.


2. Samla banankassar i store mengder. Eg brukte 50 til 60. Eg føretrekkjer banankassar fordi dei er gratis og meir solide enn flyttekassar. Dei er litt mindre, det er ofte ein fordel, lettare å ha oversikt. Brukte nokre flyttekassar til ting som var for store til banankassar. Til bøker og andre tunge ting er dei perfekte. Spør etter banankassar i daglegvareforretningar, der er dei vanlegvis glade for å verta kvitt dei.


3. Start så tidleg som mogeleg med å pakka ned ting ein ikkje skal bruka meir før ein flyttar som julepynt, vinterklede (alt etter sesong, sjølvsagt). Kast ting du ikkje har bruk for (eg er ikkje flink til det). Pakk glas og porselen inn i avispapir.



4. Etter kvart som eg pakka kassane, merkte eg dei med kva som var i, og limde på ein farga papirlapp (med blank teip) med kva rom kassen skulle til. Det gjorde det lettare å finna igjen dei rette kassane då alt vart sett i garasjen i det nye huset.




5. Viss kassane skal mellomlagrast, er det ein veldig fordel å stabla dei med innhaldspåskrifta fram.


6. Flyttefirma er veldig dyrt! Eg allierte meg med eit syskenbarn som skulle flytta motsett veg omtrent samtidig med meg. Saman snakka me med eit anna syskenbarn som disponerte lastebil på arbeid. Han ville køyra gratis, me skulle berre betala for diesel og ferje- og bompengar. Dermed kom eg ifrå det med 2000 kr. I tillegg lånte eg ein tilhengjar og fekk flytta ein del ting då eg reiste heim på påskeferie nokre månader før eg flytta.

søndag 4. september 2011

Tur gjennom Børvehagane til Råe

Mammo, eg og dei tre minste borna gjekk frå skytebanen og til Børve sundag ettermiddag. Me skulle besøkja oldemor Anna i Råe.


Det regna skikkeleg godt, så me kledde oss fornuftig med gode regnklede. Berre dei som hoppa skikkeleg i alle pøyser vart våte... Peter går i Utegruppo i Tolomarka Barnehage, og dei har ein lavvo i skogen som me gjekk forbi. Både Peter og Martin har gått mykje på tur i dette området i haust med barnehagen, og dei var veldig ivrige etter å visa oss vegen.




Raud flugesopp, veldig fin og veldig giftig.






Borna "snakka i telefonen" til kvarandre gjennom dette røyret og sende pinnar og lauv, det rann ganske godt sidan det regna så mykje.





Martin har laga ein bukett at blad. Pappen henta oss øvst på Børve, då var nokon litt leie av å gå, og kakene smaka veldig godt etter den friske turen.







lørdag 3. september 2011

Roten vegg på Otto sitt rom

På den eine veggen på Otto sitt rom er panelet skada av rote nederst.

Årsaka til roten er ordna og det er heilt turt, men veggen er ganske holete.






Tenkte at eg kunne fylla hola med billig fugemasse





Men det vart ikkje så vellukka.





I garasjen låg det ein del panel, akkurat nok til å dekka veggen, så no skal det verta fint.