onsdag 19. april 2017

Vest til jentebunad

Eg sydde bunad til jenta mi for to år sidan, då var ho nesten 11. Eg fekk klipt til delane hjå ei profesjonell bunadsyarske. Ho forklarte meg og korleis eg skulle sy vesten. Eg laga han med så mykje å gå på i sidene at ho kan ha han i eit par år til.
Delane, både for og brokade

Sy saman skuldersaumane rette mot rette, både på brokade og
forstoff. Press saumrommet ut.


Legg brokade og for vrange mot vrange.

Foret er klipt med belegg i snippen (biletet skulle vore rotert her)

Belegg langs nedre kant og i sidekant.

Tråkla langs kantane

Etter prøving fann eg ut at eg måtte ta av litt under armane.

Sy svart skråband langs kantane utan belegg, start frå innsida.

Pass på å stramma skråbandet litt i kurvane, elles vil det stå ut.

 Skråbandet er sydd fast med maskin frå
framsida.Slutt av skråbandet ved snippane
og brett belegget over til framsida og sy fast.



Sy bandet fast langs ytterkanten for hand. 

Pass på å rynka i kurvane så det ligg fint.

Når du kjem til snippane: finn ut kvar faldane
skal vera og sy dei med maskin. Dette tok lang tid å få fint!


Når bandet er sydd fast langs heile ytterkanten,
kan du sy langs innsida med maskin.

Brett belegget to gonger og sy fast med maskin.


Sy fast hekter, eg har brukt tre stk.


Mål på jenta kor sidesaumane skal vera. Sidan
vesten er mykje for lang, sydde eg ikkje heilt ned,


mandag 29. juni 2015

Veranda, gjerde og hagemøblar.

I fjor viste eg bilete av  terrassen min som vart fornya. Veranda er nok eit betre omgrep å bruka ifylgje Språkrådet. Her kjem før og etter-bilete av prosjektet:

Før: Ikkje så lett å sjå på dette biletet, men verandaen har rusta rekkverk.

Etter: Nytt, fint rekkverk i tre

Før

Etter

Før: Trappa ned til kjellaren var opptærd og stygg

Etter: Med terrassebord vart trappa mykje finare

Før: Ikkje så sjarmerande med rusta rekkverk og opptært betonggolv.

Etter: Grusen held seg på plass no som det har vorte eit trinn opp på verandaen.

Før: Betongen var veldig opptært og vond å gå på

Etter

Før: Skiljeveggen delte verandaen i to, det samla seg berre rot på den inste delen.

Før: Kledninga var delvis rotna.

Etter: Ein stor veranda er betre tykkjer eg. (Eg får veldig lyst å mala huset kvitt når eg ser kor mange ulike fargar det er på biletet)

Før: Markisa var øydelagd

Etter: Eit permanent gjennomsiktig tak vart praktisk. Her kan me sitja om det regnar. Her kan eg leggja putene når det regnar. Drivhuset er omtala her.

Etter



Før: Eg hadde berre ein benk og eit bord

Etter: Eg laga to nye bord (det gamle var litt skralt), ein ekstra benk og to nye stolar. Med to av alt kan me ha besøk på verandaen utan å måtta dra ut bord og stolar frå stove og kjøken.

Før

Etter

Stolane er konstruerte på same måte som benken, men kortare. Dei vart veldig gode å sitja i.

Møblane skal malast kvite når eg får tid.

Dei nye hagemøblane laga eg av restematerialar frå altangolvet. Eg måtte kjøpa inn litt ekstra materialar og skruer for til saman 1000 kr. Synest det vart billig for to bord, ein benk og to stolar.

Før: Eg greidde aldri å lika det gamle rekkverket. Nokre sa det var for gale å ta ned det flotte og solide rekkverket, men eg har ikkje angra ein dag.

Før: Det gamle var nok litt meir gjennomsiktig enn det nye, men det gjer meg ikkje noko.

Etter: Det nye rekkverket er laga i modular og sett fast i stolpane frå det gamle rekkverket

Eg malte alle delane til rekkverket før det vart sett opp. 200 delar. Eg malte eitt strøk til etter montering for å dekka skruehola. Håpar det held i mange år, for det var litt av ein jobb.