søndag 24. februar 2013

Nydeleg dag på skeisebanen

Takka vere det kalde veret og mange dugnadstimar har me flott skeiseis på grusbanen i Norheimsund.  

 Me har aldri vore så mykje på skeiser nokon vinter som i år, og Otto og Karina har vore fleire gonger åleine eller saman med andre familiar.

Dei to har vorte så flinke at dei går ifrå meg.

Peter er ikkje så begeistra for skeiser, klatrar like gjerne i snøhaugane med skeisene på.

Martin klarar å halda balansen på skeisene, men i dag sat han og koste seg med kakao det meste av tida medan me andre gjekk.









Otto dreg Martin på rumpebrett, kjekt med ein snill storebror!

fredag 22. februar 2013

Orden i strikkepinnane

Eg sydde meg eit strikkepineetui for mange år sidan, men det fungerar ikkje så godt.  Nokre pinnar er for lange og glir ut av den grunn.  Strømpepinnane glir ut fordi loket er for lite til å halda dei på plass.

 Rundpinneetuiet fungerar fint

Men dei to etuia er laga av heilt ulike stoff.  Og det er viktig at slike etui matchar, ikkje sant???

 Eg har laga mange etui til strikkepinnar dei siste åra, men det har vore til julemessa eller gåver.  No ville eg laga etui til meg sjølv.  Her er rundpinneetui med 20 lommer, det er plass til mange fleire rundpinnar enn eg har.

Oppskrifta til dette etuiet kan du få gratis frå den danske bloggaren filihunkat.

  Treknappen er frå Fretex!

 Til lange pinnar.

Det var berre dei fine bambuspinnane som fekk vera med på fotografering.

Etui til strømpepinnar og tilbehør som saks og måleband.  Oppskrifta til dette finn du på sida pickles.

 Samanbretta ser det slik ut.

Ei lita nålemappe som eg laga for eit stund sidan.

I det same stoffet, som sjølvsagt er kjøpt på tilbod.  Det søte knappestoffet er kjøpt på Hardingsaumen, og det grøne er frå Stoff og stil.

 Det var nok stoff til ei veske til å ha alle etuia i og.   Til saman har materialutgiftene vore omtrent 200 kr.

Plass til eit spøt og oppi her.

Endeleg orden i strikke(og sy-)sakene!

onsdag 13. februar 2013

Otto sitt rom

Dette var det rommet som gjekk gjennom den største endringa då me pussa opp:

Før: I tillegg til oransje, blått og murstein-mønstra tapet, var det ein tapet med blomemønster på dei to andre veggene.  Rommet er ganske lite, og det kjendest endå trongare med alle dei fargane.  "Kassen" på veggen er ein kanal for utlufting frå badet som ligg rett under Otto sitt rom.

Etter:  Dette er det same hjørna i same rommet!  Kassen på veggen er fjerna for å få mest mogeleg enkle flatar og bittelitt meir plass.  Luftinga på badet går no rett ut gjennom badeveggen.

Me prøvde fyrst å fjerna tapeten på veggene, men vegger og tak var av porøse huntonitt- og asfaltplater, så det vart for ujamn flate.  Løysinga var å setja opp enkel faspanel på både vegger og tak og mala kvitt.

Otto har sovesofa, så det er plass til overnattingsgjester sjølv om rommet er lite.  Putene sydde eg til rommet hans der me budde før.



Kveldsbøna er ramma inn.







Vindauga er ganske lite, skal kanskje setja inn eit litt større ein gong.

 Denne fine liftgardina fann eg på Plant eit tre i Øystese.

 Det stilige biletet av eit tog som kjem ut gjennom ein vegg kjem og frå gjenbruksbutikken.  Lampen fekk Otto til jul, eg visste han ynskte seg ein slik.

Direktørskrivepulten i beisa eik kjøpte eg på ein bruktbutikk i Danmark for mange år sidan.

Det er så lågt under taket at det ikkje er plass til klesskap, men i denne romslege kommoden er det plass til alle kleda hans.  Det er forresten unaturleg ryddig på desse bileta ser eg...