onsdag 19. april 2017

Vest til jentebunad

Eg sydde bunad til jenta mi for to år sidan, då var ho nesten 11. Eg fekk klipt til delane hjå ei profesjonell bunadsyarske. Ho forklarte meg og korleis eg skulle sy vesten. Eg laga han med så mykje å gå på i sidene at ho kan ha han i eit par år til.
Delane, både for og brokade

Sy saman skuldersaumane rette mot rette, både på brokade og
forstoff. Press saumrommet ut.


Legg brokade og for vrange mot vrange.

Foret er klipt med belegg i snippen (biletet skulle vore rotert her)

Belegg langs nedre kant og i sidekant.

Tråkla langs kantane

Etter prøving fann eg ut at eg måtte ta av litt under armane.

Sy svart skråband langs kantane utan belegg, start frå innsida.

Pass på å stramma skråbandet litt i kurvane, elles vil det stå ut.

 Skråbandet er sydd fast med maskin frå
framsida.Slutt av skråbandet ved snippane
og brett belegget over til framsida og sy fast.



Sy bandet fast langs ytterkanten for hand. 

Pass på å rynka i kurvane så det ligg fint.

Når du kjem til snippane: finn ut kvar faldane
skal vera og sy dei med maskin. Dette tok lang tid å få fint!


Når bandet er sydd fast langs heile ytterkanten,
kan du sy langs innsida med maskin.

Brett belegget to gonger og sy fast med maskin.


Sy fast hekter, eg har brukt tre stk.


Mål på jenta kor sidesaumane skal vera. Sidan
vesten er mykje for lang, sydde eg ikkje heilt ned,


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar