søndag 25. september 2011

Flyttetips

Basert på erfaringane med flyttinga vil eg dela nokre tips her:


1. Det er ein fordel å få målt opp romma i det nye huset og eventuelt få nokre bilete så ei kan planleggja kva møblar som passar inn og kva det er aktuelt å kvitta seg med.


2. Samla banankassar i store mengder. Eg brukte 50 til 60. Eg føretrekkjer banankassar fordi dei er gratis og meir solide enn flyttekassar. Dei er litt mindre, det er ofte ein fordel, lettare å ha oversikt. Brukte nokre flyttekassar til ting som var for store til banankassar. Til bøker og andre tunge ting er dei perfekte. Spør etter banankassar i daglegvareforretningar, der er dei vanlegvis glade for å verta kvitt dei.


3. Start så tidleg som mogeleg med å pakka ned ting ein ikkje skal bruka meir før ein flyttar som julepynt, vinterklede (alt etter sesong, sjølvsagt). Kast ting du ikkje har bruk for (eg er ikkje flink til det). Pakk glas og porselen inn i avispapir.



4. Etter kvart som eg pakka kassane, merkte eg dei med kva som var i, og limde på ein farga papirlapp (med blank teip) med kva rom kassen skulle til. Det gjorde det lettare å finna igjen dei rette kassane då alt vart sett i garasjen i det nye huset.




5. Viss kassane skal mellomlagrast, er det ein veldig fordel å stabla dei med innhaldspåskrifta fram.


6. Flyttefirma er veldig dyrt! Eg allierte meg med eit syskenbarn som skulle flytta motsett veg omtrent samtidig med meg. Saman snakka me med eit anna syskenbarn som disponerte lastebil på arbeid. Han ville køyra gratis, me skulle berre betala for diesel og ferje- og bompengar. Dermed kom eg ifrå det med 2000 kr. I tillegg lånte eg ein tilhengjar og fekk flytta ein del ting då eg reiste heim på påskeferie nokre månader før eg flytta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar