lørdag 24. august 2013

Sovesofa vert trapp

Eg (og fleire mannlege slektningar) har laga nytt bad til leigebuarane i kjellaren. Sidan det er 72 cm i nivåforskjell på det rommet som no har vorte bad og resten av leiligheten, måtte eg laga ei trapp.

Den fyrste utfordringa var å finna billig material.  Då eg kom over denne sovesofaen i ein konteiner (spurde om lov til å ta denne gongen), skjøna eg at dette kom til å verta gratis!

Då eg var lærling, var eg ei stund med på trappeproduksjon, men eg fekk ikkje noko grundig opplæring i trappeteikning.  Men denne russiske trappekalkulatoren teikna trapp til meg på eit splittsekund (då eg hadde tasta inn måla eg ville ha).

På denne sida kan du velja mellom utrulege 66 språk, ikkje alt er heilt vellukka, men teikningane er forståelege.

Trappa var ferdig på fire timar.  Eg tok ikkje sveineprøve i trappefaget, så eg treng ikkje skjemmast over at skruene er synlege.  Det viktigaste er at trappa vart gratis og god å gå i.

Det nye badet ligg innanfor soverommet i leiligheten.  Det var tidlegare eit uinnreia kjellarrom, og me laga døropning i samband med at me laga til badet i vår.

torsdag 8. august 2013

Fornying av hageputer

I fjor sommar då eg flytta inn i nytt hus, fekk eg hagemøblar av nokre vener.  Det fylgde puter med som er gode å sitja på, men eg synest dei er litt dystre med den svarte botnfargen på stoffet.


 Knappane (som er trekte med stoff) har rusta, så dei klipte eg vekk...

...og erstatta med kraftig tråd.  Trur putene vil missa fasongen om det ikkje er noko som bind saman.

Tanken var å kjøpa eit blått stoff med prikkar og eit blått stoff med roser på, men då eg fann dette raude på tilbod, klarde eg ikkje kjøpa det blå til full pris.  Det linfarga med roser var ikkje på tilbod, men litt billigare enn det blå med roser.

Trekket er sydd av dei to ulike stoffa, og med glidelås på eine kortsida, så det skal vera lett å ta av og vaska.

No vil eg prøva denne puta i nokre dagar før eg syr dei fem andre putene. Ein ting eg har lagt merke til, er at hjørnene er for spisse, trur eg må runda dei litt av.


mandag 5. august 2013

Pennalhus på ein halvtime

I morgon skal eg på kurs på skulen, så eg sydde meg eit nytt pennalhus i kveld.  Det tok faktisk berre ein halvtime!  Eg bruka litt tid på å finna oppskrift og velja stoff fyrst, så i alt gjekk det nok ein time.

 Her kjem syinstruksjon viss du har lyst å sy deg eit sjølv:

 Klipp to stoffstykke på 28x24 cm (eller 28x28cm viss du vil ha det litt større, det gjer eg neste gong).  Det eine stoffet er dongeri, det andre eit tynt bomulsstoff.  Om du brukar to tynne stoffkvalitetar, bør du stiva av med eit tynt vattlag.  Du treng ein glidelås på 30 cm og evetuelt to bitar band på 6 cm.  

 Legg dei to stoffstykka rette mot rette og nål fast glidelåsen på langsida, mellom stofflaga.

 Sy i glidelåsen.  Fest dei motsette langsidene av stoffa til andre halvdelen av glidelåsen og sy fast der og.

Viss du no har skjøna den kronglete forklaringa mi, ser det slik ut.

Vreng arbeidet slik.

 Legg ein bretta bandbit i kvar ende og fest med nåler.  Pass på at glidelåsen vert midt på når du skal sy saman endane.

 Siksakk over sårkantane.


 Set nåler i slik

Sy ein loddrett saum 2,5 cm ifrå spissen. (Ikkje så lett å sjå her)

 Ferdig!

 Pennalet er sydd av dongeristoff og eit stoff med kartmotiv.

Hempene er greie å halda i når ein skal opna og lata att glidelåsen.

lørdag 3. august 2013

Sandkasse

Borna er veldig glade i å leika i sandkasse, men eg har ikkje prioritert det før no, det vil seia: to av brørne mine ringde ein dag og spurde om dei skulle koma og laga sandkasse (me hadde snakka om det før at dei skulle hjelpa meg).

Johannes og Karina lagar ramma. 

No er ramma klar, og Anders er og hentar sand.

Sanden måtte trillast ned til huset i trillebåre, det vart ein del lass.

 Heldigvis nedoverbakke.

Johannes fekk den geniale ideen å setja opp ei plate slik at me tippa sanden utfor kanten, og han kunne renna ned i sandkassen.  Ikkje så lett å trilla ned trappa med sand i trillebåra. 
 (Fotografen er under 10 år)

 Sandkasse under tak er luksus.  Litt mindre luksus at sanden er så nær kjellarinngangen, men eg skal få tak i ei større matte.

Snille onklar som lagar sandkasse.  Avtalen er at me skal koma og pitla stein hjå Anders når det vert fint nok ver!

Handling på favorittbutikken min

Eldsteguten har vore på sommarkorpsleir på Manger i nokre dagar.  Då me skulle henta han, var me innom favorittbutikken min i Åsane, der fann eg ein del ting:

Fin tunika i dongeristoff

Smykke av treperler. 

 Smykke av porselensperler.



Tunika i tynn bomull.

 Stropp midt på ryggen som held vidda litt inne.

 Søte knappar.


 Rutete bluse (eg elskar ruter).


Capribukse

 
 Og til slutt det eg eigentleg var på utkikk etter: ein sommarkjole.  Det spørst berre om eg kjem til å bruka han, han var litt vel rosa!  Og no skal eg avsløra kva butikk eg har vore på:  FRETEX.  Tre av plagga var heilt nye, og til saman betalte eg 340 kroner for desse tinga.  Veldig godt fornøgd!

Etter me hadde vore på Radøy, stoppa me ved Tellevik kystfort og kikka på kanonane.