onsdag 2. januar 2013

Stooor legopose

For 20 år sidan sydde eg ein legopose til brørne mine.  Dei leikar ikkje så ofte med lego meir, men det gjer mine born når dei er hjå foreldra mine.  Problemet med legoposen er at han er for liten, og legoen flyt utover golvet.  Kjedeleg å rydda opp.
 
 
 På IKEA fann eg dette kraftige bomullstoffet.  Legoposen skal ikkje verta for liten denne gongen, så eg kjøpte 6 meter. 

 Borna presiserte at det er viktig at baksida er nøytral så det er lett å finna legoklossane.

Eg klipte stoffet i to banar på 3 meter og sydde dei saman på langs med "dongeribuksesaum".
 
Falda inn kanten og slo i 40 maljer.
 
3x3 meter, her burde det vera plass til fire born og lego.
 
Når posen ikkje er i bruk, kan han hengjast opp (helst på ein krok lenger oppe på veggen).

4 kommentarer:

  1. Då eg var liten hadde me ein rund legopose i dongristoff. Den er merka med lego, så den er nok ikkje heimelaga..Den og hadde sånne maljer og kunne snurpast godt saman. Men me knytte den, så den trong ikkje hengast opp :-)

    SvarSlett
  2. Lurt å knyta, kanskje eg får det til på denne og. Den originale Legoposen var forbilete for den fyrste eg sydde til brørne mine.

    SvarSlett
  3. Eg lurer på kor tid du ska starte salg av produkta dine....

    SvarSlett
  4. Har bare en kommentar: IMPONERT!! Du er utrolig kreativ og flink!

    SvarSlett