lørdag 19. januar 2013

Forandringar på gang!

Då eg oppretta bloggen min for nesten fire år sidan, tenkte eg at eg skulle blogga om kvardagslivet vårt.  Men det har det ikkje vorte så mykje av.  Etter kvart har eg brukt bloggen mest til å visa dei to husa eg har pussa opp i det siste og små og store snikkar- og syprosjekt.

Eg har og gjort den store oppdaginga at det er lettast å arbeida med bloggen min når eg brukar Google Chrome som nettlesar.  Fram til for eit par veker sidan brukte eg Explorer, og det tok mange timar å laga eitt innlegg.  Stort framsteg når det berre tek nokre minutt.  Så no skal det skrytast oftare framover!  For det er vel det blogging eigentleg handlar om?

 Eg har endra overskrifta frå "Kristin og borna" til "Skapartrong", for det er noko eg har kjent på sidan eg var lita jente og fekk låna mammo si symaskin.  Eg har alltid likt å gjera noko med hendene, fått idear når eg ser eit fint garnnyste eller stoffstykke.

Ofte når eg ser noko fint som i ein butikk, tenkjer eg:  det der har eg lyst å laga sjølv.  Og rett som det er finn fjøler og avlagde klede som berre ropar til meg: eg er for god til å hivast, ta meg med og lag noko fint av meg!  Når eg ser noko som er litt øydelagt, tenkjer eg alltid fyrst: kan dette reparerast og korleis?

Til tider kan det verta for mykje av skapartrongen, lista over ting er så lang at eg ikkje veit kvar eg skal byrja, eller eg prioriterar å sitja framfor symaskina i staden for å laga middag.  Eg øver meg i å skriva prioriteringslister over alle prosjekta eg har lyst å gå i gang med.  Men attende til overskrifta på dette innlegget: Forandringar på gang.  Eg kjem til å prøva meg litt fram med ulike design og løysingar på sida framover. Må finna ut kva som er finast og fungerar best.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar