lørdag 19. januar 2013

Ryddig i stova!

Litt bilete frå stova:
Eg har fått denne sofaen.  Han var litt spraglete, så eg sydde eit enkelt trekk i billig linstoff frå IKEA.  Salongbordet er eit kjøkenbord med avkorta bein.  Eg er fornøgd med høgda på det, men ikkje fargen,  så det er mellombels.  Hadde det vore finare med eit kvitt eller drivved-beisa bord?  Kanskje mørkbeisa sidan framskapet er mørkbeisa?

Putene er sydd av stoff frå Stoff og Stil.  (Godt den butikken ikkje ligg nærare enn Åsane, eg eeelskar å kjøpa stoff.)



Denne puta er sydd av ei dongeribukse som vart for stor (!)

Sidan slike stjerneforma knappar kosta 30 kr stykket, saga eg ut stjerner av ei 4 mm kryssfinerplate, bora to hol og malte dei.  Ikkje så god timebetaling, men eg sparte i allle fall nesten hundre kroner.


 Har akkurat hengt opp ny lampe over salongbordet, det var så mørkt før.



 Tre koselege små vindauge med plass til små blomar og pynt.

Hyasintar er fint sjølv om det er januar.  Det var visst dansk, sviblar heiter dei på norsk!







1 kommentar:

  1. Eg diggar deg! Du er kjempeflink, Kristin. Tryllar fram skattar or lite. Det likar eg! Koselig å fylgja deg her på bloggen din :) og so med tanke på skryt...da trur eg me treng av og til. Dessutan kan me formiddle nokre verdiar ein ikkje finn for mykje av i samfunnet vårt om dagen på desse bloggane. Eg legg deg til på bloggrollen min slik at fleire kan finne deg :-)

    klem frå Åsne

    SvarSlett