mandag 10. desember 2012

Me går på skeiser

Det har vore frost ei god stund no, og sidan det var meldt snø frå laurdag kveld, lova eg borna at me skulle skeisa laurdag ettermiddag.  Eg prøvde å bruka det som motivasjon for å rydda rommet ferdig på føremiddagen, men det var ikkje alle som klarte det.  Alle fekk vera med likevel.  Pappen har grave ut ein dam i elva som går frå Vetlavatn og langs lysløypa.  Der er det under ein meter djupt, så det er fint å bada for små born om sommaren, og trygt å skeisa om vinteren.
 
 Martin har ikkje prøvt å skeisa før, og følte seg tryggast på sko i starten.

Men så fekk han skeiser på og ein mjølkekasse å halda seg i.  Isen var ikkje glatt nok, så det gjekk ikkje så godt med mjølkekassetrikset.  Han klarte etter kvart å halda balansen, men det med fråspark forstod han ikkje heilt.

Karina er flink som berre det.  Sjølv om isen var ganske kupert på grunn av at vasstanden hadde minka under isen, heldt ho seg for det meste på beina.  Det som var skumlast, var å setja skeisene fast i isen der han var porøs.  Men dei områda lærte me raskt å unngå.

Peter lika seg best på denne.  Pappen hadde teke med eit langt tau så han kunne dra og snurra borna rundt på snowraceren.

Otto fekk skikkeleg dreisen på skeisinga.  Farfaren hans var i si tid i noregseliten i kortbaneskeising, så det skulle vel berre mangla.  Den største runden me klarte å laga til på isen var 50 meter, og Otto gjekk både 500-meter og 1000-meter. 



Dette var ein av dei vellukka turane våre trass i at eg verken hadde med kakao eller noko anna godt! Hadde vore kjekt med fleire skeisedagar i vinter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar