søndag 23. desember 2012

Julegåvesekker

Karina vert så glad at ho står på eitt bein når
ho får nattklede.  Jula 2011.
På julafta er me mange, og det vert ganske mange gåver til kvar sjølv om eg prøver å begrensa litt så borna ikkje skal verta bortskjemde.  I alle år har me hatt kvar vår pappøskje for å halda litt orden på gåvene når dei er opna.  Banankassar er anvendelege til dette, men ikkje så sjarmerande.
 
Eg har eit par slike striesekker, dei er fine til å ha gåvene i.

Det er ikkje nok med to, så eg leita i stofflageret mitt og fann nokre meter strie som vart til overs då eg sydde juletreteppe i fjor. (Ja, eg kjøpte 6 meter sidan det var så billig.)

Noko billig svart stoff i polyester-bomull-blanding fann eg og.  Det stilige notestoffet kjøpte eg nyleg på IKEA.

Alle sekkene er ulike, pynta med restar av stoff og band.

Originalsekkene er 1 meter høge og 60 cm breie, så eg sydde dei nye etter det målet. 
 


 
Har ikkje heilt nok til alle, men vil supplera med nokre fletta pilekorger. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar