mandag 10. desember 2012

Bord frå Steinsdalen Skule

I førre innlegg lova eg å fortelja meir om dette bordet.  Det vart til overs då Norheimsund Friskule overtok lokala til Steinsdalen Skule i haust, og det skulle hivast viss ikkje nokon hadde bruk for det.  Eg synest det var sjarmerande og tenkte at eg kunne ha det i gangen eller i stova.
 
 Det var malt i ein fin lys blå farge, men eg bestemte meg ganske raskt for å mala heile bordet på grunn av det mørkegrøne linoleumsbelegget oppå.

Eg tippar at bordet er like gamalt som skulen.  Lurar på om han var bygd på 50-talet?

Handtaka var mala i ein litt mørkare nyanse.


Linoleumen hadde nokre ganske kraftige riper, så eg har sparkla litt både her og andre stader.

Bordet grunna eg for eit par månader sidan, og i dag fekk eg endeleg malt eitt strøk med Supreme Finish.  Det vart kvitt, synest det var tryggast i stova mi.  Så kan eg heller gje det ein farge seinare viss eg synest det.  Supreme Finish luktar så lite at eg kunne mala inne i stova.  Malinga har ganske kort opningstid (den perioden det går an å arbeida med malinga før ho stivnar), så ein må gjera ferdig ein og ein flate.  Trikset er å ha nok maling på og ikkje ha det for varmt i lokalet der ein malar.  Eg likar best å bruka rull til å påføra malinga, då får ein eit glatt og fint resultat.  Kjem tilbake med bilete av det ferdige bordet snart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar