søndag 14. oktober 2012

Kva kan dette verta?


Eg har det slik at eg har vanskeleg for å kvitta meg med ting.  Og eg blir lett freista til å ta ting som andre har kvitta seg med.  Når eg er på bosplassen, kan eg ikkje lata vera å kikka ned i kontainarane for å sjå om det er noko fint der.  Men eg har til no ikkje klatra ned for å henta noko.  Det gjeld spesielt tre og stoff.  Eg har eit heilt lager av diverse treplater, lister og fjøler og har planar eller idear for ein del av dei. 

Sengebotn.  Eg har fire stykke, kvar med 16 fjøler, nokon som kan gissa kva eg vil bruka dei til?  Det vil seia, eg er i gang, men vil ikkje visa det heilt enno.

Så har eg ein del hylleplater som eg fann i ein konteiner utanfor Rundevoll Skole i Egersund.  Det vil seia Otto fann dei, men no har me gjort ein bytehandel sidan eg fekk ein ide til bruk av platene.  Snart ferdig med det prosjektet og. 

1 kommentar:

  1. Eg og samlar, på for mykje... eg innser at eg ikkje kan ha alt... har ei uopp-pusa stova som er full av ting som skal malast...

    SvarSlett