søndag 29. juli 2012

Halvferdigt

Nokre har etterlyst bilete frå huset, men ingen rom er heilt ferdige.  Eg prioriterar å få malt det som skal malast, så får møblar, gardiner og pynt koma etter kvart.  Difor ser det ganske halvferdig ut overalt.  

Eg har fått panelplater på veggen. 

Eg tenkte fyrst å bruka omatt dei gamle listene,
men dei hadde vore spikra fast med firetoms-
spikar og vart ganske stygge, så eg kjøpte nye.
Eg stod på trelasthandelen og skrytte over at eg
var møbelsnikkar og skulle greia å montera
profilerte lister, men den som måtte til med
sparkelmasse i alle hjørner og skøytar, var meg!

I denne veggen var det tidlegare eit innbygt skap,
sjå her.  Skapet er fjerna for å gje meir plass i
trappa. 

Døra som går opp til loftet er veldig
smal.  Tidlegare var ho kamuflert
med same plater som var på veggen.
Eg synest det er meir naturleg om det
går an å sjå at her er ei dør.  Skal
pussa og mala døra.

Før var trappa 20 cm smalare, det var
vanskeleg for to å passera kvarandre
i trappa.  Fekk ein nabo til å laga nye
trinn så trappa fylte ut heile trappe-
rommet.

For å få den nye trappa på plass,
måtte veggen rivast, og deretter
byggjast opp igjen.  Så no må det
isolerast og nytt panel på.

Me har ein fin uteplass på verandaen, veldig lunt
og godt.

Viss me greier å oversjå rotet rundt: ei list som
held på plass solskjerminga fordi heise-
mekanismen på innsida er demontert på
grunn av plating på veggene...

...og diverse verktøy som ligg
rundtom.  Det er ganske ryddig
akkurat no, køyrde vekk eit lass med
gamle lister, plater og panel for
nokre dagar sidan.

Her under markisa er det fint å stå og
saga når det regnar...

...men på golvet kan me snart dyrka poteter i det
tjukke laget med sagflis.

Tome banankassar frå flyttinga.
Hadde tenkt å gje dei vekk til nokon
viss nokon andre skulle flytta, men så
byrja borna å saga i dei.

Mitt rom er midlertidig lager for
hylleplater, gardinstenger og panel-
omnar.  Skittentøykorga må stå på
rommet mitt fordi det ikkje er plass
på badet.
Greit å ha fleksible Ivar-hyller når
flyttar ofte - håpar likevel det ikkje
flytting på ganske lenge no.

Håpar og på å få rom åleine når alle borna sine
rom er ferdige.  Akkurat no søv Peter på mitt
rom, når hans rom er ferdig skal Otto sova i køya.

7 kommentarer:

  1. Det blir veldig fint Kristin. Jeg er kjempeimponert over deg. Anne-Kristin

    SvarSlett
  2. Eg og ska mala IVAR hyllene våre! GLER meg til til å begynne å innrede MITT eige hus.. Blir inspirert av deg :-)

    SvarSlett
  3. Så flink du er!!! Kjempefint!!! Dei teak-spisestovestolane var også fantastiske!!!

    SvarSlett
  4. Lina: Du kan få dei to stolane, dei fylgde med på kjøpet. Viss det ikkje var ironisk meint då??

    SvarSlett
  5. Hei Kristin! Eg er kjempeimponert! Du har jammen fått gjort masse! Unner deg og dine alt godt i den nye heimen!

    SvarSlett
  6. Imponerande;-) Du e dyktig og kreativ! Lykke te videre! Klem frå Kristin

    SvarSlett
  7. Eg e så imponert øve alt du får te! Kjmpegod e du! Og gratulera som huseigar! Stas! Forresten veldig kjekt du såg innom bloggen min og! Lykke til videre med alt :)

    SvarSlett