tirsdag 3. juli 2012

Oppussinga er i gang

No er det eit par veker sidan eg overtok huset, og oppussinga er i gang.  Eg har fått mykje hjelp av vener og familie, veldig godt, for eg var ikkje motivert for ny runde med oppussing i sommar.  Hadde tenkt borna og eg skulle ha ein roleg sommar i år.

Flott utsikt utover Movatnet (sjølv om me
har flottare her me leiger, det ligg litt høgare)

Mykje fine planter i hagen i tillegg til
ugraset.  Eg er så glad i Peonar!

Eg har ikkje heve meg på retro-bylgja, så
kjøkenet held eg på å mala.  Heldigvis er det
så solid laga at dei småtinga som ikkje er i
orden kan reparerast.  Ikkje verst med tanke
på at kjøkenet er 50 år gamalt!

No vert skåpa mala kvite både inni
utanpå.  Det var ganske tungt med
gulna frontar, og rotete med seks
ulike fargar inni skåpa.  Tydeleg at
det har vorte brukt malingrestar.
Veggene skal malast beige.

Stova er ikkje så stor, 25 kvadratmeter.  På
austveggen er desse sjarmerande
blyglasvindaugo.  Me har byrja setja opp
panelplater på veggene i stova.

Dette skapet var innbygt i veggen i stova og stakk
inn i loftstrappa som er på baksida av veggen slik
at den er ganske smal.  No har me fjerna skapet for
å få litt betre plass i trappa.

Dette skal verta Karina sitt soverom. 
Her var det delvis panel og delvis
strietapet på veggen.  Eg har malt eitt
rom med strietapet på allereie, stova i
kjellaren, og det vart DYRT og
tidkrevjande fordi stria trekkjer så
mykje maling.

Eg har set opp panel på dei veggene som mangla
det, no skal det snart malast kvitt.  Bak den ny-
panelte veggen er det ein liten håndvask med
 kaldt vatn, så Karina kan ta tannpussen på
rommet.

Badet er ikkje heilt moderne, men
greitt nok til at me kan leva med det
slik i nokre år.

Dette skal verta Peter sitt soverom.  Det er inn-
bygde skap både på soveromma og i gangen
i hovudetasjen.

Dette skal verta Martin sitt soverom.

Soverommet i husværet i kjellaren. 
Her er det kvitt på veggene no
Eg har allereie fått leigebuar, så
husværet i kjellaren var det fyrste
som vart ordna.


Kjøkenet i husværet, her vart det og
malt kvitt på veggene. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar