November 2011.
Kjære slekt og vener.
Eg har sett meg føre å skriva julebrevet tidleg i år, for å unngå at de
sender julebrev til feil adresse. Me har
flytta sidan sist. Allereie i februar
fekk eg tips om eit hus som skulle leigast ut i Norheimsund, ikkje så langt frå
foreldra mine. Eg hadde tenkt ein del på
å flytta etter eg vart åleine, men det la seg ikkje til rette med bustad før
no. Eg synest ikkje det var noko lett
avgjerd å ta. Riva opp røter som me
etter kvart hadde fått i Hellvik, Eigersund og Jæren. Ta borna vekk frå skule og barnehage der dei
treivst. Eg visste kva eg hadde der, men
ikkje kva eg kom til å få i Norheimsund.
Men til slutt bestemte eg meg for at me ville leiga dette huset. Det er ganske stort med fire soverom og
garasje. Det ligg halvannan kilometer
frå Norheimsund sentrum, og me har fantastisk utsikt over bygda og
fjorden. Eg valde å bruka eit bilete
frå der me budde før her i julebrevet,
men på bloggen min: http://kristinvistvik.blogspot.com/,
kan de sjå bilete både av huset, utsikten og oss. Me bur i ei grend med kjekke naboar, to av
dei er barnefamiliar. Til saman er det
ni born frå to til ni år her i nabolaget, så borna treng ikkje gå langt for å
finna nokon å leika med.
Me flytta i juni, rett etter skulen var slutt på Hellvik,
fekk god hjelp av mitt snille syskenbarn Jan Tore som lånte lastebil og køyrde
flyttelasset vårt til Norheimsund. Då eg
skreiv husleigekontrakt, var det ein del av avtalen at eg skulle mala noko av
huset innvendig mot at eg fekk bu gratis ei stund, så eg sette i gang med det
same med å riva tapet og vaska med salmiakk.
Fekk ein del hjelp av familie og vener, og i ein lang periode var det
fast at eg dreiv og malte kvar kveld frå ni til tolv. På dagtid arbeidde eg med å få ting på plass,
det var lettare å kombinera med å sjå til borna. Eg sette meg eit langsiktig må: eg skulle
vera komen i orden til jul, og det ser ut til at det vert oppfylt. No har eg malt kjøken, stove, gang, tre
soverom, nokre møblar og småting, og eg synest det er spanande å sjå
forandringa og forbetringa.
Otto (9) og Karina (7) går på Kvam Kristne Skule. Dei er tjue elevar frå 2. til 10. klasse, og
eg var spent på korleis det kom til å gå med overgangen til eit så lite
miljø. Det går veldig fint, dei tilsette
arbeider svært bevisst med at elevane skal ha eit godt miljø på tvers av
klassane, for eksempel spelar alle kanonball saman, og dei eldste må ta omsyn
til dei yngste. Både Otto og Karina har
fri på onsdagane, og det er godt for både borna og meg. Det krev ganske mykje energi å få dei to
somlekoppane ut døra om morgonen! Otto
spela kornett Hellvik Skulekorps før me flytta, og no fortset han i Norheimsund
Skulemusikk. Gjennom skogen går det ein
sti til foreldra mine, men det er 200 meter stigning, så me tek som regel bilen
når me skal dit. Men Otto kvir seg ikkje for å springa opp lia når han har fri
frå skulen. Annankvar onsdag tek eg
borna med på barnelag i Steinsdalen Bedehus.
Der høyrer me god, gammaldags bibelsoge, illustrert med
flannellograf. Me syng mykje, og det er
minneord som borna lærer utanåt frå gong til gong.
Peter (5) og Martin (3) går i Tolomarka
Friluftsbarnehage. Peter går i
Utegruppo, ei avdeling som er på tur kvar dag.
Dei har ein lavvo i skogen eit stykke frå barnehagen der dei lagar mat
på bål, har formingsaktivitetar og finn greiner som dei sagar til ved, for å
nemna noko. Martin si avdeling er og
mykje ute på tur. Ein dag gjekk dei hit
til Utroningen, det var veldig stas å visa dei andre kor me bur. Tidlegare har borna mine vore så sutrete og
lite uthaldande at det har ikkje vore noko god oppleving å gå på tur med
dei. Men no merkar eg på begge gutane at
dei har oppdaga gleda ved å gå på tur og oppdaga ting i naturen. Dei tilsette er svært dyktige og engasjerte,
så eg synest det er passeleg at Peter og Martin er der tre dagar i veka. Eit høgdepunkt i haust for gutane var då
besten henta dei i barnehagen med den nye traktoren. Det var gebursdagspresang til Peter frå
besten, og det var mange fleire som gjerne ville vore med i traktoren!
Eg har fått meg ein liten stilling innan helsevesenet i
kommunen. Fram til jul er eg dessutan
dagmamma for to gutar på ti og tolv månadar eit par dagar i veka. Eg synest det er fint å ha arbeidsplassen min
i heimen, då treng ikkje Peter og Martin vera så mykje i barnehagen. Dei synest det er stas å leika med
babyane. Eg var spent på om eg kom til å
trivast i Norheimsund, det er seksten år sidan eg flytta herifrå, og eg har
ikkje vore flink å halda kontakt med folk.
Men gjennom bedehus, skule og barnehage har eg treft igjen gamle kjenningar
og vorte kjend med nye folk. Ein viktig
grunn for å flytta heim igjen var å koma nærare foreldra mine. Dei stiller opp som barnevakt, inviterer oss
på middag og har ein eller fleire av borna på overnatting rett som det er. Ofte sit borna rolegare på møte på bedehuset
når foreldra eller bror min Anders er der.
Særleg viss borna sjølv kjem på at dei vil sitja med besteforeldra eller
morbroren.
Til slutt vil eg sitera noko av ein salme som står i
kategorien ”Advent” i Norsk Salmebok og i kategorien ”Det kristne håp” i
Sangboken – og begge deler er rett, for i adventstida skal me førebu oss på
Jesu kome. Han har kome ein gong, og han
kjem igjen. Den som har sett si lit til
Jesu frelse, har ikkje noko å frykta når han kjem for andre gong.
Jeg løfter opp til Gud min sang
ennå en gang
fra disse jordens daler.
Vår Herre Krist han henter meg
snart hjem til seg
i himlens høye saler.
Som lynet far,
han kommer snar,
da skal hans pris
på annet vis
de Guds basuner tale.
Da synger jeg for tronen glad
et bedre kvad
og løfter palmegrene,
med hvite kleder som er todd
i Lammets blod,
for Herrens øyne rene.
Halleluja!
Hva glede da!
Hva liflig klang!
Og all min sang
er Herren, Herren ene!
Med ynskje om ei signa advents- og julehøgtid
Kristin og borna
Heisann! Så spennende og inspirerende å lese på bloggen din her! Skal si du er flink med interiør. Det er jammen evigheter siden jeg besøkte deg i leiligheten på K-øy, hvertfall når jeg ser de skjønne ungene dine :-). Gleder meg til å følge dere videre! Klem fra Inger Elisabeth :-)
SvarSlettFint å lese at de har fått det fint i Nordheimsund! God jul! Jon Petter
SvarSlett