Mammo tilbaud seg å stryka skjortene, så dei har vore klare i fleire dagar. Viss eg sjølv skulle ha gjort det,ville eg nok ha stått klokka 22 i kveld og stroke.
Viser innlegg med etiketten Klede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klede. Vis alle innlegg
fredag 16. mai 2014
fredag 22. november 2013
Å skifta glidelås på juksemåten
Glidelåsen på denne jakka gjekk sund for eit par år sidan. Han som hadde ho, har vakse ifrå henne, men no hadde ein av dei andre gutane bruk for vinterjakke. Grua meg veldig for å skifta glidelås, det såg ut til å vera tidkrevjande og vanskeleg å få fint. Men eg fekk eit godt tips der eg kjøpte glidelåsen:
Klipp vekk glidelåsen....
...og sy den nye oppå!
Der eg peikar med sprettekniven, var den gamle glidelåsen
Den nye glidelåsen er ikkje så diskret som den gamle...
...men det gjer ikkje noko når det er belegg som løyner alt. Gjort på mindre enn ein halvtime. Å gjera det på den skikkelege måten, hadde sikkert teke to timar.
Etiketter:
Før og etter,
Gjenbruk,
Husmortips,
Klede,
Syprosjekt
lørdag 3. august 2013
Handling på favorittbutikken min
Eldsteguten har vore på sommarkorpsleir på Manger i nokre dagar. Då me skulle henta han, var me innom favorittbutikken min i Åsane, der fann eg ein del ting:
Fin tunika i dongeristoff
Smykke av treperler.
Smykke av porselensperler.
Tunika i tynn bomull.
Stropp midt på ryggen som held vidda litt inne.
Søte knappar.
Rutete bluse (eg elskar ruter).
Capribukse
Etter me hadde vore på Radøy, stoppa me ved Tellevik kystfort og kikka på kanonane.
Abonner på:
Innlegg (Atom)