torsdag 31. oktober 2013

Mala loftstrapp og gang

Trappa opp til loftet og gangen oppe har vore ein mørk og forsømt stad i huset.  Det stod ein sofa der ei stund, tenkte at borna kunne bruka gangen til loftsstove.  Men sofaen vart mest brukt til lager for klede som skulle ut på loftet.  Ei veninne hadde bruk for sofa, og borna hadde lyst å bruka gangen til å byggja togbane og byar i Lego.
Her er det mørkt!  Ei lyspære prøver å lysa opp.

 Då eg flytta inn, fekk eg vølt trappa og veggen til venstre, så det er lyst treverk enno. Sjå kvifor eg gjorde det her.

No har eg malt taket kvitt (Bomull) og veggene grøne. Eg malte fyrst veggene i ein gulgrøn nyanse som heiter Empire, men eg fekk vondt i augene av å sjå på, og fekk tips på Jotun si facebookside om at Krydderurt kunne verta betre, og det stemde.  Krydderurt er meir grågrøn.  Dessutan har eg fått ein betre lampe.  No held eg på å mala golvet og trappa i fargen Mohair.

Sidan to av borna har rom på loftet, har eg ikkje malt heile golvet, og berre annakvart trinn i trappa.  Om eit par dagar er eg ferdig å mala golvet, men eg må ikkje setja møblar på det malte golvet før etter ei veke.  Har tenkt å ha bokhyller på gangen, ikkje andre møblar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar