fredag 22. februar 2013

Orden i strikkepinnane

Eg sydde meg eit strikkepineetui for mange år sidan, men det fungerar ikkje så godt.  Nokre pinnar er for lange og glir ut av den grunn.  Strømpepinnane glir ut fordi loket er for lite til å halda dei på plass.

 Rundpinneetuiet fungerar fint

Men dei to etuia er laga av heilt ulike stoff.  Og det er viktig at slike etui matchar, ikkje sant???

 Eg har laga mange etui til strikkepinnar dei siste åra, men det har vore til julemessa eller gåver.  No ville eg laga etui til meg sjølv.  Her er rundpinneetui med 20 lommer, det er plass til mange fleire rundpinnar enn eg har.

Oppskrifta til dette etuiet kan du få gratis frå den danske bloggaren filihunkat.

  Treknappen er frå Fretex!

 Til lange pinnar.

Det var berre dei fine bambuspinnane som fekk vera med på fotografering.

Etui til strømpepinnar og tilbehør som saks og måleband.  Oppskrifta til dette finn du på sida pickles.

 Samanbretta ser det slik ut.

Ei lita nålemappe som eg laga for eit stund sidan.

I det same stoffet, som sjølvsagt er kjøpt på tilbod.  Det søte knappestoffet er kjøpt på Hardingsaumen, og det grøne er frå Stoff og stil.

 Det var nok stoff til ei veske til å ha alle etuia i og.   Til saman har materialutgiftene vore omtrent 200 kr.

Plass til eit spøt og oppi her.

Endeleg orden i strikke(og sy-)sakene!

4 kommentarer:

  1. Så flinke du e! Inspirerane å lesa bloggen din! Karoline Skogen.

    SvarSlett
  2. Åh, denne bloggen likte jeg! Virkelig inspirerende! Syr du slike pinneetui på bestilling mot betaling? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for skryt! Eg kan sy for deg, men har ein veldig travel periode no, kan eg koma tilbake til det seinare
      ?

      Slett
    2. Det hadde vært helt supert! Bare å ta kontakt om du får tid :)

      Slett