søndag 29. juli 2012

Halvferdigt

Nokre har etterlyst bilete frå huset, men ingen rom er heilt ferdige.  Eg prioriterar å få malt det som skal malast, så får møblar, gardiner og pynt koma etter kvart.  Difor ser det ganske halvferdig ut overalt.  

Eg har fått panelplater på veggen. 

Eg tenkte fyrst å bruka omatt dei gamle listene,
men dei hadde vore spikra fast med firetoms-
spikar og vart ganske stygge, så eg kjøpte nye.
Eg stod på trelasthandelen og skrytte over at eg
var møbelsnikkar og skulle greia å montera
profilerte lister, men den som måtte til med
sparkelmasse i alle hjørner og skøytar, var meg!

I denne veggen var det tidlegare eit innbygt skap,
sjå her.  Skapet er fjerna for å gje meir plass i
trappa. 

Døra som går opp til loftet er veldig
smal.  Tidlegare var ho kamuflert
med same plater som var på veggen.
Eg synest det er meir naturleg om det
går an å sjå at her er ei dør.  Skal
pussa og mala døra.

Før var trappa 20 cm smalare, det var
vanskeleg for to å passera kvarandre
i trappa.  Fekk ein nabo til å laga nye
trinn så trappa fylte ut heile trappe-
rommet.

For å få den nye trappa på plass,
måtte veggen rivast, og deretter
byggjast opp igjen.  Så no må det
isolerast og nytt panel på.

Me har ein fin uteplass på verandaen, veldig lunt
og godt.

Viss me greier å oversjå rotet rundt: ei list som
held på plass solskjerminga fordi heise-
mekanismen på innsida er demontert på
grunn av plating på veggene...

...og diverse verktøy som ligg
rundtom.  Det er ganske ryddig
akkurat no, køyrde vekk eit lass med
gamle lister, plater og panel for
nokre dagar sidan.

Her under markisa er det fint å stå og
saga når det regnar...

...men på golvet kan me snart dyrka poteter i det
tjukke laget med sagflis.

Tome banankassar frå flyttinga.
Hadde tenkt å gje dei vekk til nokon
viss nokon andre skulle flytta, men så
byrja borna å saga i dei.

Mitt rom er midlertidig lager for
hylleplater, gardinstenger og panel-
omnar.  Skittentøykorga må stå på
rommet mitt fordi det ikkje er plass
på badet.
Greit å ha fleksible Ivar-hyller når
flyttar ofte - håpar likevel det ikkje
flytting på ganske lenge no.

Håpar og på å få rom åleine når alle borna sine
rom er ferdige.  Akkurat no søv Peter på mitt
rom, når hans rom er ferdig skal Otto sova i køya.

tirsdag 3. juli 2012

Oppussinga er i gang

No er det eit par veker sidan eg overtok huset, og oppussinga er i gang.  Eg har fått mykje hjelp av vener og familie, veldig godt, for eg var ikkje motivert for ny runde med oppussing i sommar.  Hadde tenkt borna og eg skulle ha ein roleg sommar i år.

Flott utsikt utover Movatnet (sjølv om me
har flottare her me leiger, det ligg litt høgare)

Mykje fine planter i hagen i tillegg til
ugraset.  Eg er så glad i Peonar!

Eg har ikkje heve meg på retro-bylgja, så
kjøkenet held eg på å mala.  Heldigvis er det
så solid laga at dei småtinga som ikkje er i
orden kan reparerast.  Ikkje verst med tanke
på at kjøkenet er 50 år gamalt!

No vert skåpa mala kvite både inni
utanpå.  Det var ganske tungt med
gulna frontar, og rotete med seks
ulike fargar inni skåpa.  Tydeleg at
det har vorte brukt malingrestar.
Veggene skal malast beige.

Stova er ikkje så stor, 25 kvadratmeter.  På
austveggen er desse sjarmerande
blyglasvindaugo.  Me har byrja setja opp
panelplater på veggene i stova.

Dette skapet var innbygt i veggen i stova og stakk
inn i loftstrappa som er på baksida av veggen slik
at den er ganske smal.  No har me fjerna skapet for
å få litt betre plass i trappa.

Dette skal verta Karina sitt soverom. 
Her var det delvis panel og delvis
strietapet på veggen.  Eg har malt eitt
rom med strietapet på allereie, stova i
kjellaren, og det vart DYRT og
tidkrevjande fordi stria trekkjer så
mykje maling.

Eg har set opp panel på dei veggene som mangla
det, no skal det snart malast kvitt.  Bak den ny-
panelte veggen er det ein liten håndvask med
 kaldt vatn, så Karina kan ta tannpussen på
rommet.

Badet er ikkje heilt moderne, men
greitt nok til at me kan leva med det
slik i nokre år.

Dette skal verta Peter sitt soverom.  Det er inn-
bygde skap både på soveromma og i gangen
i hovudetasjen.

Dette skal verta Martin sitt soverom.

Soverommet i husværet i kjellaren. 
Her er det kvitt på veggene no
Eg har allereie fått leigebuar, så
husværet i kjellaren var det fyrste
som vart ordna.


Kjøkenet i husværet, her vart det og
malt kvitt på veggene. 

Eg har kjøpt hus!

Hadde nokon fortalt meg for eit år sidan at eg snart skulle verta huseigar, hadde eg ikkje trudd dei.  Men eg vart oppsagd her eg bur no, og det var eit hus til sals ein halv kilometer lenger nede i lia.  Huset hadde vore til sals lenge utan at noko stor interresse, så eg fekk det til ein overkomeleg pris.
Huset er frå 1961.

Det er berre ein sti ned til huset, parkeringsplass
ved vegen.

STORT vindauga i stova med STOR utsikt!


Utleigedel i kjellaren


Det er mange kott og boder i huset, mellom anna
fire kott på lofet!

Dette biletet avskrekka meg i fyrste omgang frå å
gå på visning, men det var ikkje så gale som det
såg ut til.

Teikningane av huset.

Det er fem soverom i huset i tillegg til husværet i
i kjellaren, så me får eitt kvar!