mandag 9. april 2012

Strikka påskeegg



I år har eg strikka uknuselege egg.  Passar godt sidan
me snart må flytta igjen.  Me har malt nokre vanlege
egg og, men dei har me ikkje hengt opp enno, så det
spørst om dei kjem opp i det heile.

Garnet er Fabel frå Drops,
farge Guacamole.  Veldig
spanande å strikka av, ikkje to
egg vart like.  Av eitt nyste fekk
eg 19 egg.

Oppskrifta er gratis her: 
//www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=0&d_id=502&lang=no
Det står anbefalt pinne 3, men eg synest egga vart finare på pinne 2,5.  Eg brukte fire i staden for fem strømpepinnar, det er lettare å halda orden på med eit så lite arbeid.  Vatten eg fylte egga med var frå ein utsliten vinterdress.








Det gule og blå egget er laga av andre
sortar garn.


Nokre høner har lurt seg inn i mellom
egga.




4 kommentarer:

  1. Disse var aldeles nydelige!! DU er så flink!

    SvarSlett
  2. Heisann Kristin!
    Takk for koselig kommentar! Mitt navn er Dagny Irene Torsteinbø, jeg bor for tiden i Stavanger, men kommer fra Sirdal. Mine Besteforeldre bodde på Bøhn i Steinsdalen (inn der med Lid Jarnindustri), du er kanskje kjent i området!? Jeg har en onkel der nå, Olav Bøhn, og en onkel på Steine, Odd Harald Bøhn. Har vært mye i Nordheimsund oppigjennom årene, nydelig plass!!
    Så spennende at du er utdannet snekker, jeg ser jo på bloggen din at du er meget kreativ og så flink! Driver du med snekring også?
    Mvh Snekkerfrue:) http://snekkerfrue.blogspot.com

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Dagny Irene
      Verda er ikkje stor! Er du dottera til Svein Sturla Tonstad? Eg har ikkje treft han, men mor di (hugsar ikkje kva ho heiter). Har vore ein del på Tonstadli, spes på bibelcamping om sommaren. Eg hugsar såvidt besteforeldra dine, dei gjekk i Steinsdalen Bedehus der eg går. Eg kjenner ikkje onklane dine, men har høyrt namnet på dei. Ikkje så mykje snikring no for tida, berre reparasjonar og småting til eige bruk.

      Mvh Kristin

      Slett
    2. Heig igjen! Så morsomt:) Verden er ikke stor nei. Er datter til Borghild og Svein Sturla ja. Tonstadli er en bra plass, vi har vært en hel der vet du:) Men det var koselig da! Jeg var med besteforeldrene mine på bedehuset husker jeg...det er lenge siden gitt!=)
      Nydelig hardangersøm-vest du har laget forresten! Den var fin!
      Ønsker deg og barna dine en herlig uke!!=D Kjekt å "bli kjent" med deg, og bloggen din!=)
      Mvh Dagny Irene

      Slett