Eg synest det er for gale å hiva klede når det vert hol i dei, spesielt viss plagga ikkje er så gamle og slitne ellers. Ullklede brukar me ofte under andre plagg, så det gjer ikkje så mykje om dei er bøtte synest eg.
| Hol i ei nesten ny joggebukse, eg synest ho var litt for god til å kasta. |
| Sidan eg ikkje hadde stoff i same farge, klipte eg ut eit stykke av lomma. |
| Det stykket eg klipte ut av lomma, erstatta eg med eit anna stoff. |
| Sydde fyrst ein saum langs den rette kanten, stoffet rette mot rette. |
| Deretter sydde eg rundt kanten, så no er lomma intakt igjen... |
| ...og det viser ingenting frå utsida. |
| Klart til å sy fast bota. |
| Ferdig. Eg sydde med kvit tråd på grått stoff, det hadde nok vorte meir usynleg med grå tråd. |
| Neste prosjekt var seks holete ull- stillongsar. |
| Denne gav eg opp. Hola var så store, eg hadde lappa han før, og så var han for liten til minstemann. |
| Restane av ein gammal stillongs vart til bøter. |
| Tidlegare har eg brukt enkelt stoff til bøter, men denne gongen bruka eg dobbelt stoff for å få det meir solid. |
| Siksakka rundt bøtene og rundt hola. Ikkje så fint, men det går fint å ha under ei bukse. |
| Små hol bøtte eg med tynt ullgarn. Sydde på tvers etterpå og låste fast masker som hadde begynt å rakna. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar