lørdag 17. desember 2011

Sidan eg malte gangen for tre månader sidan, har det vore ganske ukoseleg, ingenting på veggene og berre ei kjedeleg bokhylle.  No har eg fått inn kommoden som eg redda frå pappen sin verkstad for mange år sidan.  Sjølv om eg har avluta han, er det enno oljeflekker på han.
Før

Denne spegelen passa ikkje heilt inn, så eg "friska han litt opp"

Etter: Veggene er malt i same farge som stova.  Eg skrudde nokre drivvedbitar på spegelen frå baksida.  Eg synest det vart ganske triveleg, men Peter synest spegelen vart styggare.


1 kommentar:

  1. He he, men EG syns den vart finare, hvis det er noko trøyst :-)

    Åsne

    SvarSlett