![]() |
Jonas steikeplatestativ frå Clas Ohlson!
|
Stativet er samanleggbart...
|
...og tek liten plass når det ikkje er i
bruk. Det kostar 139 kroner.
|
![]() |
Jonas steikeplatestativ frå Clas Ohlson!
|
Stativet er samanleggbart...
|
...og tek liten plass når det ikkje er i
bruk. Det kostar 139 kroner.
|
Otto sine bøker fekk omslag i blått. Har brukt
dei gamle gardinene hans og nokre restar.
|
Klipp stoffet 3-5cm større enn boka oppe og
nede. Stoffet bør vera 15 cm større på begge
sidene.
|
Brett inn stoffet oppe og nede.
|
Du må berekna 2 mm ekstra både oppe og nede
så omslaget ikkje vert for trongt.
|
Stryk.
|
Brett inn sidene.
|
Set i knappenåler
|
Klar til å sy!
|
Sy 1 mm frå kanten.
|
Omslaget er klart til å takast på.
|
Spent på om stoffet er stivt nok til å beskytta
bokryggen godt nok.
|
Legg merke til takhøgda: 257 cm. Eg
har i alle fall aldri budd i eit hus med
slik takhøgd før, dei to siste stadane
har det vore under 220. Det skal ut-
nyttast.
|
Etter: Taket kvitt, veggen lysegrå,
listene mørkegrå. Dørane skal få eit
nytt strøk med grønt, synest det er
ryddig med grøne dørar når golvet og
er grønt.
|
Ytterklede, sko og sykkelhjelmar har
lege i banankassar sidan me flytta
inn, ikkje så lett å halda orden i det.
|
Etter ein del grubling kom eg fram til
denne barnehageinspirerte garderobe
løysinga! Utgangspunktet er Gorm-
hyller frå IKEA. Eg mala dei i same
gråfarge som listene og skøytte på dei
i høgda.
|
Fem hylleseksjonar etter kvarandre, ein til kvar.
Hylleplata over skoa er til å sitja på når ein skal
kle på og av seg.
|
I kvar seksjon skal eg skru opp
knaggrekkjer i passande høgd til
kvar av borna og meg. Til dess ligg
alle kleda på hylla. Sko og ting ein
brukar sjeldan skal liggja i dei øvste
hyllene.
|
Har gått i gang med å mala resten av kjellar-
gangen, men eg har ikkje tålmodighet til å mala
så nøye lenger, kjenner eg. For eksempel bak
desse røyra tek eg det ikkje så nøye.
|
Det er innbygde skap mange stader i
huset, men dette er spesielt:
|
Heimelaga varmeskap. Eit
varmeelement (meiner eg har sett denne
typen under benkene i gamle kyrkjer)
med hønsenetting over. Til å setja våte
sko på. Stang til å hengja våte klede på
øvst i skapet.
|
Eg har fått panelplater på veggen.
|
I denne veggen var det tidlegare eit innbygt skap,
sjå her. Skapet er fjerna for å gje meir plass i
trappa.
|
Døra som går opp til loftet er veldig
smal. Tidlegare var ho kamuflert
med same plater som var på veggen.
Eg synest det er meir naturleg om det
går an å sjå at her er ei dør. Skal
pussa og mala døra.
|
Før var trappa 20 cm smalare, det var
vanskeleg for to å passera kvarandre
i trappa. Fekk ein nabo til å laga nye
trinn så trappa fylte ut heile trappe-
rommet.
|
For å få den nye trappa på plass,
måtte veggen rivast, og deretter
byggjast opp igjen. Så no må det
isolerast og nytt panel på.
|
Me har ein fin uteplass på verandaen, veldig lunt
og godt.
|
Viss me greier å oversjå rotet rundt: ei list som
held på plass solskjerminga fordi heise-
mekanismen på innsida er demontert på
grunn av plating på veggene...
|
...og diverse verktøy som ligg
rundtom. Det er ganske ryddig
akkurat no, køyrde vekk eit lass med
gamle lister, plater og panel for
nokre dagar sidan.
|
Her under markisa er det fint å stå og
saga når det regnar...
|
...men på golvet kan me snart dyrka poteter i det
tjukke laget med sagflis.
|
Tome banankassar frå flyttinga.
Hadde tenkt å gje dei vekk til nokon
viss nokon andre skulle flytta, men så
byrja borna å saga i dei.
|
Mitt rom er midlertidig lager for
hylleplater, gardinstenger og panel-
omnar. Skittentøykorga må stå på
rommet mitt fordi det ikkje er plass
på badet.
|
Greit å ha fleksible Ivar-hyller når
flyttar ofte - håpar likevel det ikkje
flytting på ganske lenge no.
|
Håpar og på å få rom åleine når alle borna sine
rom er ferdige. Akkurat no søv Peter på mitt
rom, når hans rom er ferdig skal Otto sova i køya.
|