Då borna kom heim med bøker som skulle ha bre på, hadde eg ikkje lyst å bruka papir, for det varar ikkje eit heilt skuleår. Ville prøva å sy omslag av stoff, eg har litt å ta av...restar og gamle gardiner til dømes.
Otto sine bøker fekk omslag i blått. Har brukt
dei gamle gardinene hans og nokre restar.
|
Slik gjer eg det, dette er Karina si lesebok:
Klipp stoffet 3-5cm større enn boka oppe og
nede. Stoffet bør vera 15 cm større på begge
sidene.
|
Brett inn stoffet oppe og nede.
|
Du må berekna 2 mm ekstra både oppe og nede
så omslaget ikkje vert for trongt.
|
Stryk.
|
Brett inn sidene.
|
Set i knappenåler
|
Klar til å sy!
|
Sy 1 mm frå kanten.
|
Omslaget er klart til å takast på.
|
Spent på om stoffet er stivt nok til å beskytta
bokryggen godt nok.
|
Du er så flink og kreativ Kristin. Dette skal nok blive bra
SvarSlettTusen takk! Sømbeskrivelse til bokomslag lette jeg etter til denne Bibelen:
SvarSletthttp://jahtruth.net/kofkad.htm
The Way home or face The Fire
http://thewayhomeorfacethefire.net/