Før |
No |
Før |
No |
Både benkeplate, oppvaskkum og blandebatteri er kjøpt på IKEA.
Eg var optimistisk når det gjaldt å skifta blandebatteriet, men det passa ikkje, så pappen måtte hjelpa meg å få tak i dei rette delane.
Det var ein del tilpassingar, men eg lånte ei god sag, så det vart veldig fint, tykkjer eg.
Denne plata i emalje har eg ikkje skifta ut, ho er nesten ikkje sliten. Til å setja varme gryter på. Den nye benkeplata har veldig likt mønster. Den keramiske toppen på komfyren har og eit liknande mønster, så det vart ein fin heilskap.
Eg fann to tiøringar frå 1962 bak den gamle benkeplata. Eg hugsar den typen frå då eg var lita. Andre som gjer det?
Slik ser det ut no, men eg er ikkje ferdig:
1. Må tetta igjen holet som vart etter den gamle utslagsvasken. Kanskje laga til ei høgare dør og.
2. Mala det som var bak den gamle stålplata før og fuga med silikon inntil veggen.
3. Ny vifte! Og vifteskap.
Du e heilt rå, Kristin! Du fikse jo det meste. Lykke te!
SvarSlettoy oy, hjelpe meg. kva du ikkje får til! imponert ;-)
SvarSlettJeg fant denne artikkelen utrolig nyttig! Takk for at du gir praktiske råd og praktiske tips om benkeplater til kjøkken.
SvarSlett