Sist eg sydde ei bukse tok det sju år. Dette prosjektet har eg hatt i hovudet sidan i sommar, men då eg fyrst sette i gang, tok det berre ein time.
Utgangspunktet var ei linbukse som eg hadde brukt.
Holete og litt for vid i beina.
|
Eg ville prøva å sy ei bukse til Karina av stoffet, så eg fann eit enkelt buksemønster. |
Ferdig å klippa, berre to speglvende stykke. |
Siksakka over alle sårkantar, lin har lett for å rakna |
Falden nede på buksebeina ville eg bruka til løpegang for strikk, så eg måtte spretta opp litt av falden før eg sydde beinsaumen. |
Klart for å sy skrittsaumen, her går det unna! |
Bretta ned kanten og laga løpegang oppe. |
Til slutt trædde eg strikk i løpegangane. Ferdig! |
Så bra!! Du er flink! Kjekt å følge deg :-)
SvarSlettHåper du har det veldig BRA! KLem