søndag 18. mai 2014

17.mai 2014

På grunn av mangelfull planlegging, måtte Martin sjølv pussa sylja si før han kunne få ho på.  Han var ikkje uviljug.  Legg og merke til at skjorta ikkje har knappar.  Eg sydde ho ferdig rett før 17. mai i fjor og fekk ikkje tid  til å sy knappar i.  Tanken var sjølvsagt å sy dei i i løpet av året.  No skal eg ikkje pakka ho vekk før eg har gjort det!



Dei to eldste går i veg for å spela med skulemusikken ein time før oss andre, så eg greidde ikkje å få bilete av alle fire i år heller.

 Karina er klar til å marsjera.

Otto med tre stjerner for tre år som musikant i Norheimsund Skulemusikklag og to medaljar for deltaking i konkurransar.  Han har og spelt to år i Hellvik Skolekorps.  Han likar seg i uniform.

Kom mai, du skjønne, milde, gjør skogen atter grønn.  
Og la ved bekk og kilde fiolen blomstre skjønn.
Ikkje akkurat ein bekk dette, men ein mur.


Knut Markhus var dagens talar på festen i Norheimsund Idrettshall

Dei som keia seg under talen fann ut at det var tre ballar som hang fast oppunder taket i hallen...

Alltid fiskelukke på 17.mai

Her greier jenta å vippa ein nokså sjølvsikkert gut av pinnen.

Ekteparet Holm går føre og marsjererar ned til matservering på bedehusfesten om kvelden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar