mandag 25. mars 2013

Kva heng på veggen over senga?
















 Det er eit nedfellbart arbeidsbord!  Når eg held på med syprosjekt og særleg når store stoffstykke skal klippast, har eg sakna eit stort arbeidsbord.  Har bord i stova, men eg vil helst ha symaskin og utstyr ståande permanent her på soverommet.  I nokre veker har eg grubla på korleis eg kunne få det til her på sove- og hobbyrommet mitt.  Eg kjøpte ei kryssfinerplate litt større enn senga mi og stiva ho av med kløyvde golvbord på undersida.  To bein i dei framre hjørna og hengsler inn mot veggen.  Alt vart mala i same farge som veggen.
Viss eg ikkje vert ferdig med eit prosjekt før leggetid, går det i nauda an å dra fram senga og sova litt trongt. No må eg berre få tid til eit prosjekt for å prøva ut bordet!

1 kommentar:

  1. Hei, spennande å lese i bloggen din. Det er så kjekt å sjå kva du får til med huset ditt. Du er kjempe kreativ og flink!

    Eg har nyleg flytta frå bygda, men det er ein fin plass!

    SvarSlett