mandag 9. april 2012

Strikka påskeegg



I år har eg strikka uknuselege egg.  Passar godt sidan
me snart må flytta igjen.  Me har malt nokre vanlege
egg og, men dei har me ikkje hengt opp enno, så det
spørst om dei kjem opp i det heile.

Garnet er Fabel frå Drops,
farge Guacamole.  Veldig
spanande å strikka av, ikkje to
egg vart like.  Av eitt nyste fekk
eg 19 egg.

Oppskrifta er gratis her: 
//www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=0&d_id=502&lang=no
Det står anbefalt pinne 3, men eg synest egga vart finare på pinne 2,5.  Eg brukte fire i staden for fem strømpepinnar, det er lettare å halda orden på med eit så lite arbeid.  Vatten eg fylte egga med var frå ein utsliten vinterdress.








Det gule og blå egget er laga av andre
sortar garn.


Nokre høner har lurt seg inn i mellom
egga.




Tine-finn paret

Eg har samla på ein del av dei fine mjølkekartongane frå Tine med bilete frå gardar på Vestlandet. Dei er veldig fine, særleg den med mor mi og Otto på!  Etter at me var på besøk hjå Bjarne og Johanne Margrete og spela Finn paret som var klipt ut av jule-mjølkekartongar for mange år sidan, fekk eg ideen om å laga Finn paret av mjølkekartongane eg har samla på.

Fyrst: skyl og turk, men ikkje brett.

Eg klipper opp kartongen i ei side og klipper
av botnen.

Eg brukar skjerematte og skjerehjul
berekna på stoff, då er det lett å få
korta nøyaktig like store.  Skjering i
papir sløvar bladet, men eg har tenkt
skifta det snart likevel.

Eg skjer korta 5x5 cm store.  Då går litt av
teksten vekk, men eg synest ikkje det gjer noko.
Den sida av kartongen som skøyten er på, kan
ikkje brukast.

På kvar side får eg to eller tre kort.


Eg hadde desverre berre teke vare på eitt
eksemplar av nokre kartongar, og eg er redd at
det kjem nye kartongar etter påske.  Var heldig
og fekk tak i dei fire siste skummamjølk-
kartongane på Spar rett før påske, så eg har sikra
nokre ekstra eksemplar av Sæleset-kartongen.


Etter kvart som det kjem nye kartongar skal eg
utvida med fleire kort.

søndag 8. april 2012

Maileg får nye klede

Borna fekk slike søte Maileg-kaniner
for ei stund sidan, og det kjekke med
dei er at det går an å kle av og på,
så me fann ut at me måtte utvida
garderoben.
Karina skal sy eit plagg til si kanin
sjølv.  Me legg kanina oppå stoffet...


...og teiknar rundt.  Legg merke til at
kanina allereie har fått sko, det var
viktigast meinte Karina.

Det er lettare å sy før delane er klipte ut, så
Karina syr i det doble stoffet.

Maileg med gamaldags badedrakt og
matchande sko.


Linbukse sydd av restane etter den
omsydde buksa til Karina. 
(Sjå tidlegare innlegg) Blusen
er den som kanina hadde på då dei
fekk han, det er vel egentleg ein
nattbluse.

(Jule)kjole


Begge kaninene har fått onepiece, den
rosa er sydd av ein gamal kjole med
flekker.  Den blå av ein holete fleece-
gensar.  Eg har ein tendens til å ta
vare på øydelagde klede viss noko av
stoffet kan nyttast, så det var godt å
få bekrefta at det ikkje var forgjeves.
Dei bittesmå glidelåsane var noko eg
fann på tilbud i ein stoffbutikk ein
gong.  Kjekt å ha på lager, tenkte eg.