I år har eg strikka uknuselege egg. Passar godt sidan me snart må flytta igjen. Me har malt nokre vanlege egg og, men dei har me ikkje hengt opp enno, så det spørst om dei kjem opp i det heile. |
![]() |
Garnet er Fabel frå Drops, farge Guacamole. Veldig spanande å strikka av, ikkje to egg vart like. Av eitt nyste fekk eg 19 egg. |
Oppskrifta er gratis her:
//www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=0&d_id=502&lang=no
Det står anbefalt pinne 3, men eg synest egga vart finare på pinne 2,5. Eg brukte fire i staden for fem strømpepinnar, det er lettare å halda orden på med eit så lite arbeid. Vatten eg fylte egga med var frå ein utsliten vinterdress.
Det gule og blå egget er laga av andre sortar garn. |
Nokre høner har lurt seg inn i mellom egga. |