torsdag 5. januar 2012

Ting tek tid

For snart åtte år sidan abbonerte eg på eit handarbeidsblad.  Eg ville gjerne sy bukser til eldstemann, så eg kjøpte dongeristoff (på Stof & Stil i Roskilde).  Men så skulle me flytta til Norge, og prosjektet vart nedprioritert.  Då me budde på Hellvik, klipte eg ut delane.  Guten hadde vakse, men eg hadde kjøpt rikeleg med stoff, så det var nok til å sy buksene i str 6 år.  Men syinga fekk eg ikkje tid til på Hellvik heller.  Var på nippet til å kasta heile prosjektet då me skulle flytta til Norheimsund, men eg ville gje det ein siste sjanse...

No er eldstemann ni år, men eg har ein gut på fem,
så han skal få ny bukse.  Eg fann igjen bladet med
mønsteret og alle delane.  Strikket er selen frå ei
kassert dynebukse.  Måtte kjøpa ny spole med
brunoransje dongeribuksetråd.

Sjølv om denne modellen er ganske tidlaus, valde eg
å ikkje sy heilt etter oppskrifta.  Eg hadde heldigvis
ikkje klipt beinstykka i tre deler slik det er tenkt
ifylgje mønsteret. Og sidan modellen er litt vid,
valde eg å heller ha løpegang med strikk nede
på buksa enn å falda opp på vanleg måte.

Ferdig bukse!

Pynta lommene med fine saumar.

Løpegangen nedst på beina er av eit tynnare bomulls-
stoff for at det ikkje skulle verta for klumpete.

Same stripete bomullsstoff inni lommene.
Viser egentleg ikkje, så eg må visa det
fram her.

1 kommentar:

  1. Du e virkelig beundringsverdig Kristin!! Fantastisk jobba, det blei ei kjempefin buksa :-) Håpe dokke he det bra! Godt nyttår te dokke :-) klem frå Julie

    SvarSlett