fredag 19. august 2011

Stova

No måtte eg berre visa korleis det har vorte i huset me leiger. Finn ikkje digitalkameraet, men med lyskastar og kameraet på den bærbare PC-en fekk eg då eit par bilete. Eg er ferdig å mala stova, kjøken og to soverom. Det siste soveromet skal eg mala når eigaren har rydda det, skal ikkje nemna namn...





Her kjem før og etter-bilete frå stova:





Før: Fyrste gongen eg kom inn i stova såg det slik ut. Det var ein beige farge på veggene, og både vegger og tak var ganske gult av nikotin. Tunge, mørke gardiner. Heldigvis forsvann nesten all røykjelukten då eg tok vekk gardinene.




Etter: No er alle vegger malt i ein lys beige, Sans. Veldig fornøgd med den fargen. Lingardiner frå IKEA som eg skal leggja opp ein vakker dag. Bord og stolar frå eit flyttesalg. Måtte mala beina på bordet, dei var knall blå!




Før: Eg leiger egentleg huset møblert, men eg kan setja ut i garasjen det eg ikkje vil ha inne






Etter: Heile taket er malt kvitt no.









Før: Eit hjørne av stova var umalt panel, det var herleg å få alt i ein farge









Etter: Karina søv på sofaen mens eg gjer hennar rom heilt ferdig. Eg monterte senga hennar i går, men fann ut at då går døra nesten ikkje opp, så den må stå ein annan plass på det vesle rommet hennar. Men då er senga to cm for lang, så eitt av prosjekta i morgon er å skjera av senga.









Før: Dette før-biletet er betre enn etter-biletet. Det er veldig fin utsikt her me bur.









Etter: Og veldig rotete inne no. Heldigvis er det så mørkt bilete at de ikkje ser alt.







Denne kommoden såg eg på Plant Eit Tre gjenbruksbutikk i Øystese sist laurdag. Eg var egentleg ute etter ein skjenk, men det var ingen som fall i smak der då. Såg litt på kommoden, men tenkte at eg ikkje trong han. På tysdag kom eg plutseleg på at eg ville ha kommoden likevel, så eg heiv meg på telefonen og tenkte eg ville reservera han, men ingen tok telefonen. Så eg køyrde inn til Øystese med det same. Då eg parkerte bilen såg eg gjennom vindauga at kommoden ikkje stod der, men heldigvis hadde han berre vorte flytta. Tenkte eg kunne ha dukar i kommoden. Han er laga av beisa og lakkert furu, ikkje heilt same farge som framskapet på sida. Og bordet og stolane er i enno ein annan brun-nyanse. Får mala alt kvitt viss eg ikkje klarar venja meg til det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar