mandag 29. juni 2015

Drivhus ferdig!

Endeleg vart drivhuset ferdig.



Det manglar litt skraping her...









lørdag 2. mai 2015

Drivhus av gamle vindauge

Nokon drog litt på smilen då eg drog desse gamle vindaugo heim. No har dei stått inntil veggen i heile vinter, og eg har brukt ein del timar på å grubla på korleis eg kunne laga drivhus av dei.
 Vindaugo kjem frå skulen eg arbeider på.

Dei ser ganske slitne ut.

Men for det meste er treverket fint.

Det har vore to rammer, her er beslaget til dei indre rammene.

Den tverrgåande midtstokken fjerna eg, slik at dei fire vindaugsrammene kan verta til to dørar.

Eg får hjelp av eine guten min.





Det vart ei glipe som eg må tetta igjen med ei list.

Her er ramma som skal halda vindauget.

Karmen er festa.

Det andre vindauget saga eg i to og brukte berre den nedste delen.

Den andre karmen vart til tak.

To mindre rammer vart til sidevindauge.

Eg fekk skrapt av laus maling, så no er det klart til vasking, og deretter maling. Dei to rammene til venstre skal vera til takvindauget.

Opninga over og under sideramma skal eg tetta med panel.

Eg har tenkt å ha tomatplanter og krydderurtar i drivhuset.

mandag 19. januar 2015

Nystekrans

Inspirert av ein krans eg såg på den lokale garnbutikken, Hardingsaumen, laga eg denne kransen før jul.  Eigentleg burde eg ha posta dette i desember - eller venta til neste desember, men no kjem det altså no. 



 Utgangspunktet mitt var diverse garnrestar og prosjekt som eg hadde gjeve opp.

Burde ha kasta det for lenge sidan, men eg har ikkje så lett for å kvitta meg med ting...

Eg laga eit nyste eller ein ball av dei fargane eg ikkje ville ha utanpå på omlag 5 cm i diameter.  Sidan dekka eg den uynskte fargen med garn i dei fargane eg ville bruka.

Eg laga 11 nyste i fire ulike fargar som passar til min julepalett.  Nystene trædde eg på ein kraftig ståltråd (hesjestreng) og knytte på eit band til dekor og oppheng.  Kransen eg vart inspirert av hadde ikkje raud, men fleire kvite nyste.

søndag 7. desember 2014

Peparkakegrend

Ein dag var overraskinga i adventskalendaren at me skulle laga fire peparkakehus, altså eitt til kvar.  Me laga husa av IKEA-deig etter ulike mønster.  Nokre dagar seinare fekk me tid til å pynta husa. 

 Melisglasur med egg 

og konditorfarge

 Klar for pynting

Lego Friends-inspirert peparkakehus

Ein brukar rikeleg med nonstop

Ein annan pyntar sirleg med ein og ein

Kjekt når borna er så store at dei kan gjera pyntejobben sjølve

No får legomennene ein stad å bu

Kafe Friends

Juletregang



Heile grenda 

lørdag 30. august 2014

Terrassebord og gjerde

Kanskje bra at eg ikkje vart kontakta av TV2 og Tid for hjem.  Det er ikkje alltid eg er misunneleg på dei som får pussa opp heimane sine på dei mest sære måtar.  Men det er utruleg fascinerande å sjå på. 

 Her på min eigen veranda er det eg som har bestemt korleis det skal sjå ut og bror min som gjer arbeidet.  No skjønar eg kvifor folk betalar fagfolk for å gjera jobben.

Fantastisk å koma heim frå arbeid og sjå at det har vorte gjort noko medan eg var vekke, i staden for å måtta laga middag, og tvinga seg sjølv til å arbeida ei økt før borna må leggjast, og så ut igjen ei økt etterpå.


Både gjerde og levegger er fjerna.  Ny levegg og halvtak skal koma på enden av verandaen.



Eg burde absolutt ha olja golvborda før det kom regn, men eg fekk ikkje tid denne veka.  Kanskje eg rekk det neste veke, det skal vera fint ver då og.