Eg brukar desse bileta sjølv om eg tok dei for ei veke sidan. Det fine maleriet har Anne Reidun Våge laga - eg fekk det som avskjedsgåve frå nokre gode veninner i Egersund. Det er fint å verta minna på at Guds Ord er rettleiing for livet vårt. Me kan vandra trygt når me set vår lit til det som står i Bibelen.
Joel 3,5: Kvar den som påkallar Herrens Namn, skal verta frelst.
Hebrearbrevet 10,39: Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, vi er av dei som trur til frelse for sjela.
Lukas 12,40: Ver då budde de og, for menneskesonen kjem i den timen de ikkje tenkjer det.
Dette er nøkkelversa i kvar av tekstane for denne sundagen. Bodskapen i tekstane er at rett før Jesus kjem att, skal det henda underlege ting. Gud let dei tinga henda for å vekkja oss, varsla om at no kjem Jesus snart og hentar dei som trur på han. Kvar den som kallar på Herrens namn, det vil seia vedkjenner seg å tru på Jesus, skal verta frelst. Gud gjer den rettferdig (=utan synd, kan ikkje dømast skuldig) som trur at Jesus har betalt for hans eller hennar kriminelle gjerningar (=brot på Guds bod i tankar, ord og gjerningar). Så enkelt har Gud gjort det for at sjølv born og enkle menneske skal kunna nå himmelen. Lat oss ta dette på alvor og ha Jesus i hjarta vårt (=stadig lesa og høyra om han så han ikkje vert fortrengd av andre ting) så me kvar dag er klare til å verta henta. For det er ingen som veit kva dag det skal henda.