fredag 23. mai 2014

Flytting av gammal uteløe

Rett etter skulen i dag, køyrde me opp til bror min sin gard og fekk sjå på når han og pappen flytta ei gamal uteløe med gravemaskin
 Martin og Peter ser på

 Snart klar for å lettast opp

Løa vert heist opp etter stokkar, ho er ikkje så solid

 I svevet







 Løa vart flytta 20 meter, det tok 4 minuttar
 Det nye fundamentet stod klart

 Løa står på beitet, kyrne pleier gå inn her når det regnar

 Peter fann ein gyngestol-stein






søndag 18. mai 2014

17.mai 2014

På grunn av mangelfull planlegging, måtte Martin sjølv pussa sylja si før han kunne få ho på.  Han var ikkje uviljug.  Legg og merke til at skjorta ikkje har knappar.  Eg sydde ho ferdig rett før 17. mai i fjor og fekk ikkje tid  til å sy knappar i.  Tanken var sjølvsagt å sy dei i i løpet av året.  No skal eg ikkje pakka ho vekk før eg har gjort det!



Dei to eldste går i veg for å spela med skulemusikken ein time før oss andre, så eg greidde ikkje å få bilete av alle fire i år heller.

 Karina er klar til å marsjera.

Otto med tre stjerner for tre år som musikant i Norheimsund Skulemusikklag og to medaljar for deltaking i konkurransar.  Han har og spelt to år i Hellvik Skolekorps.  Han likar seg i uniform.

Kom mai, du skjønne, milde, gjør skogen atter grønn.  
Og la ved bekk og kilde fiolen blomstre skjønn.
Ikkje akkurat ein bekk dette, men ein mur.


Knut Markhus var dagens talar på festen i Norheimsund Idrettshall

Dei som keia seg under talen fann ut at det var tre ballar som hang fast oppunder taket i hallen...

Alltid fiskelukke på 17.mai

Her greier jenta å vippa ein nokså sjølvsikkert gut av pinnen.

Ekteparet Holm går føre og marsjererar ned til matservering på bedehusfesten om kvelden.

fredag 16. mai 2014

16.mai-steming

Mammo tilbaud seg å stryka skjortene, så dei har vore klare i fleire dagar. Viss eg sjølv skulle ha gjort det,ville eg nok ha stått klokka 22 i kveld og stroke.




lørdag 30. november 2013

Peparkakehus

I dag har me baka peparkaker og paparkakehus.  Eg fann eit fint mønster her på bloggen Hobbybruket.  Me forminska det frå 34 cm langt til 28 cm langt.













fredag 22. november 2013

Å skifta glidelås på juksemåten

Glidelåsen på denne jakka gjekk sund for eit par år sidan.  Han som hadde ho, har vakse ifrå henne, men no hadde ein av dei andre gutane bruk for vinterjakke.  Grua meg veldig for å skifta glidelås, det såg ut til å vera tidkrevjande og vanskeleg å få fint.  Men eg fekk eit godt tips der eg kjøpte glidelåsen:



Klipp vekk glidelåsen....





 ...og sy den nye oppå!

 Der eg peikar med sprettekniven, var den gamle glidelåsen



Den nye glidelåsen er ikkje så diskret som den gamle... 

...men det gjer ikkje noko når det er belegg som løyner alt.  Gjort på mindre enn ein halvtime.  Å gjera det på den skikkelege måten, hadde sikkert teke to timar.

torsdag 31. oktober 2013

Mala loftstrapp og gang

Trappa opp til loftet og gangen oppe har vore ein mørk og forsømt stad i huset.  Det stod ein sofa der ei stund, tenkte at borna kunne bruka gangen til loftsstove.  Men sofaen vart mest brukt til lager for klede som skulle ut på loftet.  Ei veninne hadde bruk for sofa, og borna hadde lyst å bruka gangen til å byggja togbane og byar i Lego.
Her er det mørkt!  Ei lyspære prøver å lysa opp.

 Då eg flytta inn, fekk eg vølt trappa og veggen til venstre, så det er lyst treverk enno. Sjå kvifor eg gjorde det her.

No har eg malt taket kvitt (Bomull) og veggene grøne. Eg malte fyrst veggene i ein gulgrøn nyanse som heiter Empire, men eg fekk vondt i augene av å sjå på, og fekk tips på Jotun si facebookside om at Krydderurt kunne verta betre, og det stemde.  Krydderurt er meir grågrøn.  Dessutan har eg fått ein betre lampe.  No held eg på å mala golvet og trappa i fargen Mohair.

Sidan to av borna har rom på loftet, har eg ikkje malt heile golvet, og berre annakvart trinn i trappa.  Om eit par dagar er eg ferdig å mala golvet, men eg må ikkje setja møblar på det malte golvet før etter ei veke.  Har tenkt å ha bokhyller på gangen, ikkje andre møblar.