I fjor viste eg bilete av
terrassen min som vart fornya. Veranda er nok eit betre omgrep å bruka ifylgje
Språkrådet. Her kjem før og etter-bilete av prosjektet:
Før: Ikkje så lett å sjå på dette biletet, men verandaen har rusta rekkverk.
Etter: Nytt, fint rekkverk i tre
Før
Etter
Før: Trappa ned til kjellaren var opptærd og stygg
Etter: Med terrassebord vart trappa mykje finare
Før: Ikkje så sjarmerande med rusta rekkverk og opptært betonggolv.
Etter: Grusen held seg på plass no som det har vorte eit trinn opp på verandaen.
Før: Betongen var veldig opptært og vond å gå på
Etter
Før: Skiljeveggen delte verandaen i to, det samla seg berre rot på den inste delen.
Før: Kledninga var delvis rotna.
Etter: Ein stor veranda er betre tykkjer eg. (Eg får veldig lyst å mala huset kvitt når eg ser kor mange ulike fargar det er på biletet)
Før: Markisa var øydelagd
Etter: Eit permanent gjennomsiktig tak vart praktisk. Her kan me sitja om det regnar. Her kan eg leggja putene når det regnar. Drivhuset er omtala
her.
Etter
Før: Eg hadde berre ein benk og eit bord
Etter: Eg laga to nye bord (det gamle var litt skralt), ein ekstra benk og to nye stolar. Med to av alt kan me ha besøk på verandaen utan å måtta dra ut bord og stolar frå stove og kjøken.
Før
Etter
Stolane er konstruerte på same måte som benken, men kortare. Dei vart veldig gode å sitja i.
Møblane skal malast kvite når eg får tid.
Dei nye hagemøblane laga eg av restematerialar frå altangolvet. Eg måtte kjøpa inn litt ekstra materialar og skruer for til saman 1000 kr. Synest det vart billig for to bord, ein benk og to stolar.
Før: Eg greidde aldri å lika det gamle rekkverket. Nokre sa det var for gale å ta ned det flotte og solide rekkverket, men eg har ikkje angra ein dag.
Før: Det gamle var nok litt meir gjennomsiktig enn det nye, men det gjer meg ikkje noko.
Eg malte alle delane til rekkverket før det vart sett opp. 200 delar. Eg malte eitt strøk til etter montering for å dekka skruehola. Håpar det held i mange år, for det var litt av ein jobb.