lørdag 2. mai 2015

Drivhus av gamle vindauge

Nokon drog litt på smilen då eg drog desse gamle vindaugo heim. No har dei stått inntil veggen i heile vinter, og eg har brukt ein del timar på å grubla på korleis eg kunne laga drivhus av dei.
 Vindaugo kjem frå skulen eg arbeider på.

Dei ser ganske slitne ut.

Men for det meste er treverket fint.

Det har vore to rammer, her er beslaget til dei indre rammene.

Den tverrgåande midtstokken fjerna eg, slik at dei fire vindaugsrammene kan verta til to dørar.

Eg får hjelp av eine guten min.





Det vart ei glipe som eg må tetta igjen med ei list.

Her er ramma som skal halda vindauget.

Karmen er festa.

Det andre vindauget saga eg i to og brukte berre den nedste delen.

Den andre karmen vart til tak.

To mindre rammer vart til sidevindauge.

Eg fekk skrapt av laus maling, så no er det klart til vasking, og deretter maling. Dei to rammene til venstre skal vera til takvindauget.

Opninga over og under sideramma skal eg tetta med panel.

Eg har tenkt å ha tomatplanter og krydderurtar i drivhuset.