lørdag 30. august 2014

Terrassebord og gjerde

Kanskje bra at eg ikkje vart kontakta av TV2 og Tid for hjem.  Det er ikkje alltid eg er misunneleg på dei som får pussa opp heimane sine på dei mest sære måtar.  Men det er utruleg fascinerande å sjå på. 

 Her på min eigen veranda er det eg som har bestemt korleis det skal sjå ut og bror min som gjer arbeidet.  No skjønar eg kvifor folk betalar fagfolk for å gjera jobben.

Fantastisk å koma heim frå arbeid og sjå at det har vorte gjort noko medan eg var vekke, i staden for å måtta laga middag, og tvinga seg sjølv til å arbeida ei økt før borna må leggjast, og så ut igjen ei økt etterpå.


Både gjerde og levegger er fjerna.  Ny levegg og halvtak skal koma på enden av verandaen.



Eg burde absolutt ha olja golvborda før det kom regn, men eg fekk ikkje tid denne veka.  Kanskje eg rekk det neste veke, det skal vera fint ver då og.

fredag 29. august 2014

Oppgradering av veranda

I julegåve frå yngste bror min fekk eg lovnad om hjelp til å pussa opp verandaen min.  Han er tømrar og har det travelt med ulike prosjekt.  Men for to veker sidan vart det min tur.  Tidlegare i sommar kjøpte eg inn material til spiler og malte dei så eg skulle sleppa å mala etter at gjerdet var sett opp.

Ein del av spilene.  Med spiler og andre delar til gjerdet vart det 200 delar som eg har behandla etter alle kunstens reglar: vaska med kraftvask og reint vatn, turka godt, grunna og malt to strøk.  Håpar det held i ti år!



Markisa og gjerdet er demontert 

 Gjerdet skal gjenbrukast som grinder hjå ein annan bror som har kyr

 Eg freste eit spor i stolpane til gjerdet...



 ...som passar inn på røyra som står att frå det gamle metallgjerdet.

Nokon som kan gissa kva to slike krukker og blomar kosta?

tirsdag 26. august 2014

Trist veranda

Verandaen min er av betong. 50 år gamal og opptærd i overflaten.  Eg synest han er ganske trist, men me sit mykje ute og et om sommaren.  Me har og hatt grillparty eit par gonger, det vert litt trongt når me er 20.  Eg har meldt verandaen min på "Tid for hjem" (TV2 kjem og pussar opp heime hjå folk), men er ikkje trekt ut så langt.

 Opptærd overflate som er vond å gå på berrføtt.  Metallgjerdet er solid, men ikkje min stil.

 Skiljevegg som halverer arealet.  Sikkert meininga at ein kan liggja å sola seg usjenert bak, men eg har ikkje behov for den.

Markisa har sett sine beste dagar og fekk seg ein alvorleg knekk då eg hadde gløymt å rulla ho inn før det byrja å snøa.

Skiljeveggen er roten, og det samlar seg lett rot i hjørnene her.

Trappa ned til kjellaren er sprukken og opptært.

Men utsikten er det ikkje noko å seia på.  Her eit glimt av Statsraad Lehmkuhl frå i sommar.

lørdag 16. august 2014

Blått og kvitt på kjøkenet

Eg likar så godt blått og kvitt.  Blå har for det meste vore min favorittfarge.  For 10-12 år sidan, då dei to eldste var små, hadde det lenge vore på moten med mørkeblå barnevogner, men så byrja dei å laga svarte.  Det var mykje finare, så me fekk tak i ei brukt svart barnevogn.  Eg kunne ikkje skjøna at nokon synest det var fint med mørkeblå vogner.  Eg trur eg meinte det fordi ein står friare til å velja farge på vognpose eller dynetrekk om ein har svart vogn.  Nok om det, her kjem nokre bilete av kjøkenet mitt.   



I sommar har eg malt kjøkenstolane kvite, dei var olja mørkebrune før.  Dei har og fått nytt trekk - i blått og kvitt.





mandag 11. august 2014

Kjekk leikeplass i Førde

Me oppdaga tilfeldigvis denne kjekke leikeplassen med flotte klatrestativ i Førde då me var på veg sørover frå brudlaupsfeiring i dag.  Godt å bevega seg litt halvvegs.











Brudlaup

Nest yngste bror min har funne seg ei kjekk jente frå Volda, og den 9.8.14 gifta dei seg.

Brudgomen og eldste son min er klare utanfor Ørsta kyrkje





 
Me har vore i kyrkja, og dei to til høgre har fått lov å ta av seg dei vonde finskoa.  Vestane er sydde av ein billig rest gardinstoff. Eg laga mønsteret av vanlege svarte finvestar som dei har.  


Litt fanteri måtte dei andre brørne mine finna på: pakka bilen inn i rundballeplast