mandag 14. juli 2014

Kryssing av to spisebord...

Eg har fått to spisebord som har kvar sine kvalitetar.

Dette er stort og godt med to ileggsplater, men beina byrjar å verta lause.  Eg har prøvt å festa dei betre, men det vert aldri heilt bra.

 Dette bordet har solid festa bein, men berre ei ileggsplate.

Så no vil eg foreina den store plata med dei gode beina.   Det viste seg etter litt prøving og feiling at eg IKKJE skulla ha korta av sargen likevel, men eg fann to fjøler som eg skal bruka, dei må berre turka til i morgon.

 I mellomtida malar eg kjøkenstolane kvite.