lørdag 19. januar 2013

Forandringar på gang!

Då eg oppretta bloggen min for nesten fire år sidan, tenkte eg at eg skulle blogga om kvardagslivet vårt.  Men det har det ikkje vorte så mykje av.  Etter kvart har eg brukt bloggen mest til å visa dei to husa eg har pussa opp i det siste og små og store snikkar- og syprosjekt.

Eg har og gjort den store oppdaginga at det er lettast å arbeida med bloggen min når eg brukar Google Chrome som nettlesar.  Fram til for eit par veker sidan brukte eg Explorer, og det tok mange timar å laga eitt innlegg.  Stort framsteg når det berre tek nokre minutt.  Så no skal det skrytast oftare framover!  For det er vel det blogging eigentleg handlar om?

 Eg har endra overskrifta frå "Kristin og borna" til "Skapartrong", for det er noko eg har kjent på sidan eg var lita jente og fekk låna mammo si symaskin.  Eg har alltid likt å gjera noko med hendene, fått idear når eg ser eit fint garnnyste eller stoffstykke.

Ofte når eg ser noko fint som i ein butikk, tenkjer eg:  det der har eg lyst å laga sjølv.  Og rett som det er finn fjøler og avlagde klede som berre ropar til meg: eg er for god til å hivast, ta meg med og lag noko fint av meg!  Når eg ser noko som er litt øydelagt, tenkjer eg alltid fyrst: kan dette reparerast og korleis?

Til tider kan det verta for mykje av skapartrongen, lista over ting er så lang at eg ikkje veit kvar eg skal byrja, eller eg prioriterar å sitja framfor symaskina i staden for å laga middag.  Eg øver meg i å skriva prioriteringslister over alle prosjekta eg har lyst å gå i gang med.  Men attende til overskrifta på dette innlegget: Forandringar på gang.  Eg kjem til å prøva meg litt fram med ulike design og løysingar på sida framover. Må finna ut kva som er finast og fungerar best.

Ryddig i stova!

Litt bilete frå stova:
Eg har fått denne sofaen.  Han var litt spraglete, så eg sydde eit enkelt trekk i billig linstoff frå IKEA.  Salongbordet er eit kjøkenbord med avkorta bein.  Eg er fornøgd med høgda på det, men ikkje fargen,  så det er mellombels.  Hadde det vore finare med eit kvitt eller drivved-beisa bord?  Kanskje mørkbeisa sidan framskapet er mørkbeisa?

Putene er sydd av stoff frå Stoff og Stil.  (Godt den butikken ikkje ligg nærare enn Åsane, eg eeelskar å kjøpa stoff.)



Denne puta er sydd av ei dongeribukse som vart for stor (!)

Sidan slike stjerneforma knappar kosta 30 kr stykket, saga eg ut stjerner av ei 4 mm kryssfinerplate, bora to hol og malte dei.  Ikkje så god timebetaling, men eg sparte i allle fall nesten hundre kroner.


 Har akkurat hengt opp ny lampe over salongbordet, det var så mørkt før.



 Tre koselege små vindauge med plass til små blomar og pynt.

Hyasintar er fint sjølv om det er januar.  Det var visst dansk, sviblar heiter dei på norsk!







fredag 18. januar 2013

Fornya strykebrett og oppslagstavle

Eit par ting som eg kjøpte for til saman 60 kr i gjenbruksbutikken har vorte fornya i dag:


 Eg lika så godt dette strykebrettet med understell av tre.

 Men trekket var ikkje særleg delikat, så eg sydde eit nytt av ein stoffrest eg hadde liggjande.

 Stoffet vart klipt sju cm større enn brettet.

 Deretter bretta eg inn to cm til løpegang og sydde rundt.

 Ei snor i løpegangen held trekket på plass på strykebrettet.




Peter trong ei oppslagstavle på rommet, denne var passeleg stor.

 Ser vannskada ut på baksida, men det gjer ingenting...

 ...når ho er trekt med eit tøft traktorstoff!




lørdag 12. januar 2013

Ny benkeplate på plass!

I dag har eg kosa meg med kjøkenprosjektet mitt: skifta ut benkeplater, vask og blandebatteri.  Sidan borna er vekke i helga har eg arbeidd uforstyrra og kunne ta meg god tid for å få eit nøyaktig og fint resultat.  Veldig fornøgd!
Før

No

Før

No
 Forskjellen viser ikkje så godt på dei små bileta, men eg synest forskjellen er stor på kjøkenet.


 Både benkeplate, oppvaskkum og blandebatteri er kjøpt på IKEA.

 Eg var optimistisk når det gjaldt å skifta blandebatteriet, men det passa ikkje, så pappen måtte hjelpa meg å få tak i dei rette delane.



 Det var ein del tilpassingar, men eg lånte ei god sag, så det vart veldig fint, tykkjer eg.

 Denne plata i emalje har eg ikkje skifta ut, ho er nesten ikkje sliten.  Til å setja varme gryter på.  Den nye benkeplata har veldig likt mønster.  Den keramiske toppen på komfyren har og eit liknande mønster, så det vart ein fin heilskap.

 Eg fann to tiøringar frå 1962 bak den gamle benkeplata.  Eg hugsar den typen frå då eg var lita.  Andre som gjer det?

 Slik ser det ut no, men eg er ikkje ferdig:

 1. Må tetta igjen holet som vart etter den gamle utslagsvasken.  Kanskje laga til ei høgare dør og.

 2. Mala det som var bak den gamle stålplata før og fuga med silikon inntil veggen.

3.  Ny vifte!  Og vifteskap.

fredag 11. januar 2013

Benkeplata på kjøkenet

Borna er vekke i helga, og eg nyttar høvet til å ordna litt på kjøkenet:

Eg har planlagt å byta benkeplate, vask og blandebatteri på kjøkenet.  Då eg fekk tett avløp og måtte ha reservedeler i ein fart til leigebuaren, tok eg avløpssystemet frå mitt kjøken.  Eg har ikkje kunna renna vatn i vasken sidan mandag, så no måtte eg ordna dette.  


 Benkeplata er truleg frå 1962 og er rett og slett utsliten!



Den nye plata er Prägel frå IKEA og liknar litt på den gamle.  I dag har eg fjerna den eine plata og tilpassa den nye.  I morgon skal eg leika røyrleggjar og byta blandebatteri.  Pappen forklara korleis det skulle gjerast, så det går nok fint.  Viss eg vert ferdig, kjem det nye bilete i morgon.


onsdag 2. januar 2013

Stooor legopose

For 20 år sidan sydde eg ein legopose til brørne mine.  Dei leikar ikkje så ofte med lego meir, men det gjer mine born når dei er hjå foreldra mine.  Problemet med legoposen er at han er for liten, og legoen flyt utover golvet.  Kjedeleg å rydda opp.
 
 
 På IKEA fann eg dette kraftige bomullstoffet.  Legoposen skal ikkje verta for liten denne gongen, så eg kjøpte 6 meter. 

 Borna presiserte at det er viktig at baksida er nøytral så det er lett å finna legoklossane.

Eg klipte stoffet i to banar på 3 meter og sydde dei saman på langs med "dongeribuksesaum".
 
Falda inn kanten og slo i 40 maljer.
 
3x3 meter, her burde det vera plass til fire born og lego.
 
Når posen ikkje er i bruk, kan han hengjast opp (helst på ein krok lenger oppe på veggen).