søndag 30. desember 2012

Borna sine kunstverk

Eg synest borna har kome heim med så mykje fint no i desember.  Otto som går i femte klasse har ei svært dyktig lærerinne i kunst og handverk, ho er kunstnar og har vore lærar på formgjvingsfag på vidaregåande. 
 Trur denne teknikken heiter pastell
 Her er alle delane klipt ut i kartong
Kunstnaren: Otto
 Karina som går i tredje hadde klipt ut mange snøkrystallar

For å kompensera litt for det dårlege biletet av Karina over, kjem eit nytt bilete av henne her.
Peter er fyrsteklassing og hadde laga denne nydelege skåla.
 Ho er av glasert leire, og eg fekk ho til jul. Er eg ikkje heldig?
Peter har og laga snøkrystallar.
Martin har laga denne fine lykta av eit syltetøyglas med pålimte silkepapirbitar i mange fargar. 

søndag 23. desember 2012

Nytt kamera!

 Eg har fått nytt kamera! 
 Eit brukt Canon EOS 550D
 Eg hadde tenkt å betala det sjølv, men då brørne mine fekk nyss i det, ville dei svært gjerne betala litt i det som julegåve.
 Så strengt tatt burde det liggja under treet.
 Stoor forskjell på det gamle kompaktkameraet og dette nye spegelreflekskameraet,
men fotografen er ikkje utlært akkurat.




 Fyrsteklassingen Peter har pakka inn gåve til veslebror Martin.  GOD IUL.  Koseleg!

Julegåvesekker

Karina vert så glad at ho står på eitt bein når
ho får nattklede.  Jula 2011.
På julafta er me mange, og det vert ganske mange gåver til kvar sjølv om eg prøver å begrensa litt så borna ikkje skal verta bortskjemde.  I alle år har me hatt kvar vår pappøskje for å halda litt orden på gåvene når dei er opna.  Banankassar er anvendelege til dette, men ikkje så sjarmerande.
 
Eg har eit par slike striesekker, dei er fine til å ha gåvene i.

Det er ikkje nok med to, så eg leita i stofflageret mitt og fann nokre meter strie som vart til overs då eg sydde juletreteppe i fjor. (Ja, eg kjøpte 6 meter sidan det var så billig.)

Noko billig svart stoff i polyester-bomull-blanding fann eg og.  Det stilige notestoffet kjøpte eg nyleg på IKEA.

Alle sekkene er ulike, pynta med restar av stoff og band.

Originalsekkene er 1 meter høge og 60 cm breie, så eg sydde dei nye etter det målet. 
 


 
Har ikkje heilt nok til alle, men vil supplera med nokre fletta pilekorger. 

mandag 10. desember 2012

Me går på skeiser

Det har vore frost ei god stund no, og sidan det var meldt snø frå laurdag kveld, lova eg borna at me skulle skeisa laurdag ettermiddag.  Eg prøvde å bruka det som motivasjon for å rydda rommet ferdig på føremiddagen, men det var ikkje alle som klarte det.  Alle fekk vera med likevel.  Pappen har grave ut ein dam i elva som går frå Vetlavatn og langs lysløypa.  Der er det under ein meter djupt, så det er fint å bada for små born om sommaren, og trygt å skeisa om vinteren.
 
 Martin har ikkje prøvt å skeisa før, og følte seg tryggast på sko i starten.

Men så fekk han skeiser på og ein mjølkekasse å halda seg i.  Isen var ikkje glatt nok, så det gjekk ikkje så godt med mjølkekassetrikset.  Han klarte etter kvart å halda balansen, men det med fråspark forstod han ikkje heilt.

Karina er flink som berre det.  Sjølv om isen var ganske kupert på grunn av at vasstanden hadde minka under isen, heldt ho seg for det meste på beina.  Det som var skumlast, var å setja skeisene fast i isen der han var porøs.  Men dei områda lærte me raskt å unngå.

Peter lika seg best på denne.  Pappen hadde teke med eit langt tau så han kunne dra og snurra borna rundt på snowraceren.

Otto fekk skikkeleg dreisen på skeisinga.  Farfaren hans var i si tid i noregseliten i kortbaneskeising, så det skulle vel berre mangla.  Den største runden me klarte å laga til på isen var 50 meter, og Otto gjekk både 500-meter og 1000-meter. 



Dette var ein av dei vellukka turane våre trass i at eg verken hadde med kakao eller noko anna godt! Hadde vore kjekt med fleire skeisedagar i vinter.

Bord frå Steinsdalen Skule

I førre innlegg lova eg å fortelja meir om dette bordet.  Det vart til overs då Norheimsund Friskule overtok lokala til Steinsdalen Skule i haust, og det skulle hivast viss ikkje nokon hadde bruk for det.  Eg synest det var sjarmerande og tenkte at eg kunne ha det i gangen eller i stova.
 
 Det var malt i ein fin lys blå farge, men eg bestemte meg ganske raskt for å mala heile bordet på grunn av det mørkegrøne linoleumsbelegget oppå.

Eg tippar at bordet er like gamalt som skulen.  Lurar på om han var bygd på 50-talet?

Handtaka var mala i ein litt mørkare nyanse.


Linoleumen hadde nokre ganske kraftige riper, så eg har sparkla litt både her og andre stader.

Bordet grunna eg for eit par månader sidan, og i dag fekk eg endeleg malt eitt strøk med Supreme Finish.  Det vart kvitt, synest det var tryggast i stova mi.  Så kan eg heller gje det ein farge seinare viss eg synest det.  Supreme Finish luktar så lite at eg kunne mala inne i stova.  Malinga har ganske kort opningstid (den perioden det går an å arbeida med malinga før ho stivnar), så ein må gjera ferdig ein og ein flate.  Trikset er å ha nok maling på og ikkje ha det for varmt i lokalet der ein malar.  Eg likar best å bruka rull til å påføra malinga, då får ein eit glatt og fint resultat.  Kjem tilbake med bilete av det ferdige bordet snart.