søndag 18. november 2012

Og sengebotnane vart til...

...kassar til å ha under bordet i stova. 
 
 Eg må fotrelja dykk om bordet ein annan gong.

 Eg beisa kassane med Jotun Interiørbeis farge drivved.  Viss eg ikkje hugsar feil kosta boksen nesten 300 kr!  Godt eg hadde fått materialen, ellers hadde prosjektet vorte ganske dyrt.  Legg merke til at eg har interiørblad med prislapp frå Miljøbutikken Plant Eit Tre i Øystese.  Den vesle raude prikken er ein prislapp som betyr 20 kr. 

 Fordi treet var ganske gulna, vart fargen gulare enn eg hadde vona.  Hadde håpa kassane skulle få omlag same farge som vedkorga i bakgrunnen.  Men eg er fornøgd, det vart meir heilskap når eg fekk kassar under bordet. 

To sengebotnar gjekk med til dei tre kassane.

Eg hadde ein verkstad i kjellaren, no vert det snart bad der.  Høvlebenken og verktøyet måtte flyttast inn på eit lagerrom, så eg har litt trongare kår.