onsdag 31. oktober 2012

Før og etter på Martin sitt rom

Kom og sjå korleis Martin har fått det på rommet sitt:
 
Før: rosa og grå tapet er ikkje Martin sin stil.
 
 Etter: Tapeten vart malt kvit. Møblane er malte i friske fargar som går igjen i tekstilane.  Sjå innlegg om vimpelrekkja her og kassane på veggen her.
 
Har ikkje før-bilete av bordet og stolane (har egentleg av stolane, men giddar ikkje finna dei fram)  Men bordet var trekvitt, og stolane fann eg i ein konteinar ved Hellvik Skule.  Dei var kasserte fordi seta som var fletta, hadde gått sund.  Eg tenkte lenge eg skulle fletta nye sete, men så var det til at eg laga sete av nokre hylleplater eg fann i ein konteinar ved Rundevoll Skule!  Tusen takk, Eigersund Kommune!
 
Før: Rosa skap, matcha tapeten fint, men...
 
Etter:  Skapa vart og kvite.

 Senga var trekvit, malte ho i fargen "Pirat", veldig fin turkis.  Det var berre skap oppe langs taket på dette rommet, så eg kjøpte eit klesskap på Ikea som eg måtte saga av litt for å få til å passa.
 

 
Før:  Heilt vanleg korktavle.

Etter:  Trekt med stoff.
 


Dette laga eg av dei gamle hylleplatene

Det vart hyller på Martin sitt rom!
 
 Det er lite golvplass til overs på Martin sitt rom, så eg laga kassar av dei gamle hylleplatene og mala dei i friske fargar og hengde dei opp i passeleg høgd for ein fireåring.



Rillene i platene gjer at det går an å setja bilete oppå kassane.

søndag 14. oktober 2012

Kva kan dette verta?


Eg har det slik at eg har vanskeleg for å kvitta meg med ting.  Og eg blir lett freista til å ta ting som andre har kvitta seg med.  Når eg er på bosplassen, kan eg ikkje lata vera å kikka ned i kontainarane for å sjå om det er noko fint der.  Men eg har til no ikkje klatra ned for å henta noko.  Det gjeld spesielt tre og stoff.  Eg har eit heilt lager av diverse treplater, lister og fjøler og har planar eller idear for ein del av dei. 

Sengebotn.  Eg har fire stykke, kvar med 16 fjøler, nokon som kan gissa kva eg vil bruka dei til?  Det vil seia, eg er i gang, men vil ikkje visa det heilt enno.

Så har eg ein del hylleplater som eg fann i ein konteiner utanfor Rundevoll Skole i Egersund.  Det vil seia Otto fann dei, men no har me gjort ein bytehandel sidan eg fekk ein ide til bruk av platene.  Snart ferdig med det prosjektet og. 

onsdag 3. oktober 2012

Klokke med mønster frå porselen

Sjølv om eg ikkje greidde få biletet rett veg etter eit par forsøk, skjønar de at dette er ei klokke.  Me fekk henne til bryllaupet, og har hatt henne på veggen i nokre år.  No har ho lege i ein kasse fordi eg ikkje tykte det passa med trekvitt på kjøkenet lenger.
 

Men eg hadde ikkje lyst å ha ho heilt kvitmalt heller
 
 Så eg let meg inspirera av kvardagsserviset mitt, Anna frå Figgjo.
 Ikkje heilt lett å mala fint med interiørmaling, men på avstand ser det ok ut.
Malingen må turka før eg kan hengja klokka opp, skal ta bilete av både klokka og kjøkenet seinare.