søndag 30. september 2012

Jonas steikeplatestativ

Litt reklame i dag for ei god oppfinning for oss som ikkje har nok benkeplass:


Jonas steikeplatestativ frå Clas Ohlson!

Eg såg eit steikeplatestativ hjå ei svensk husmor
for 11 år sidan, og oppdaga nyleg at Clas 
Ohlson sel slike.  I dag då eg baka muffins
til Peter sitt selskap, tok eg det i bruk.  På den
plassen ei steikeplate tek, kan eg no stabla fire
plater.  Eg slepp å setja plater på vasken (og
risikera at det sprutar vatn på baksten) eller på
kjøkenbordet (då må eg fyrst leggja bordskånarar
på).

Stativet er samanleggbart...


...og tek liten plass når det ikkje er i
bruk.  Det kostar 139 kroner.

onsdag 5. september 2012

Vimpelrekkje til Martin

Martin og eg hadde ein koseleg dag heime i sist veke. 
 
Me valde stoff saman.

Det meste er restar, eit par stoff er nye.

Martin svinsa rundt og leika seg medan eg sydde. 

Martin insisterte på å ha gensaren bak fram, men faktisk matchar fargen på gensaren vimpelrekkja.

1, 2, 3, ...16 vimplar.

Det rutete stoffet er av eit utsliten skjorte.


Vimpelrekkje med friske fargar til ein frisk gut!
 
Det høyrer med til historia at vimpelrekkja ikkje fekk hengja i fred.  Då borna byrja å bruka henne til å binda fangar med, redda eg henne og gøymde henne.