søndag 26. august 2012

Bokomslag i stoff

Då borna kom heim med bøker som skulle ha bre på, hadde eg ikkje lyst å bruka papir, for det varar ikkje eit heilt skuleår.  Ville prøva å sy omslag av stoff, eg har litt å ta av...restar og gamle gardiner til dømes. 
 
Otto sine bøker fekk omslag i blått.  Har brukt
dei gamle gardinene hans og nokre restar.




Slik gjer eg det, dette er Karina si lesebok:

Klipp stoffet 3-5cm større enn boka oppe og
nede.  Stoffet bør vera 15 cm større på begge
sidene.

Brett inn stoffet oppe og nede.

Du må berekna 2 mm ekstra både oppe og nede
så omslaget ikkje vert for trongt. 


Stryk.



Brett inn sidene.

Set i knappenåler


Klar til å sy!

Sy 1 mm frå kanten.
 
Omslaget er klart til å takast på. 



Spent på om stoffet er stivt nok til å beskytta
bokryggen godt nok.



Då eg hadde trena meg på eit par
omslag, tok det berre 10 minuttar
å sy eit omslag.  Håpar at dei
fungerara og beskyttar boka. 
Viss omslaga ikkje blir utslitne på
eit skuleår, kan dei kanskje brukast
neste år viss bøkene har same
storleik.




tirsdag 21. august 2012

Kjellargangen


Eg var ferdig med å mala kjøken,
stova og alle soveromma for eit par
veker sidan.  Det var ei god kjensle,
men etter nokre dagar fekk eg
abstinensar og gjekk laus på kjellar-
gangen sidan eg synest det var greit
å mala før eg sette opp hyller langs
veggen.

Før: blågtått tak, lysegule vegger,
rosa lister og grøne dørar.  Mørke-
grøne linoleumsfliser på golvet.

Legg merke til takhøgda: 257 cm. Eg
har i alle fall aldri budd i eit hus med
slik takhøgd før, dei to siste stadane
har det vore under 220.  Det skal ut-
nyttast.
Etter:  Taket kvitt, veggen lysegrå,
listene mørkegrå.  Dørane skal få eit
nytt strøk med grønt, synest det er
ryddig med grøne dørar når golvet og
er grønt.


Ytterklede, sko og sykkelhjelmar har
lege i banankassar sidan me flytta
inn, ikkje så lett å halda orden i det.


Etter ein del grubling kom eg fram til
denne barnehageinspirerte garderobe
løysinga!  Utgangspunktet er Gorm-
hyller frå IKEA.  Eg mala dei i same
gråfarge som listene og skøytte på dei
i høgda.
Fem hylleseksjonar etter kvarandre, ein til kvar. 
Hylleplata over skoa er til å sitja på når ein skal
kle på og av seg.


I kvar seksjon skal eg skru opp
knaggrekkjer i passande høgd til
kvar av borna og meg.  Til dess ligg
alle kleda på hylla.  Sko og ting ein
brukar sjeldan skal liggja i dei øvste
hyllene.


Har gått i gang med å mala resten av kjellar-
gangen, men eg har ikkje tålmodighet til å mala
så nøye lenger, kjenner eg.  For eksempel bak
desse røyra tek eg det ikkje så nøye.

Det er innbygde skap mange stader i
huset, men dette er spesielt:

Heimelaga varmeskap.  Eit
varmeelement (meiner eg har sett denne
typen under benkene i gamle kyrkjer)
med hønsenetting over.  Til å setja våte
sko på.  Stang til å hengja våte klede på
øvst i skapet.