mandag 21. mai 2012

Vest til barnebunad

 Tre veker før 17.mai fann eg ut at den vesten Martin etter planen skulle bruka, ikkje var så fin.  Ein svart Cubus-bunadsvest som verka litt stakkarsleg på sida av Peter sin skikkelege bunad. 


Raudt ullstoff hadde eg liggjande,
hugsar ikkje heilt kva det var tiltenkt.
Resten av materialane inkludert
mønster fekk eg tak i på Harding-
saumen.

Litt skummelt å klippa i stoff som
som kostar 1100 kr meteren!


Så lite stoff var det igjen då eg var
ferdig å klippa.

Alle delene er ferdig klipte


Belegget på innsida av vesten er sydd på.


Innsida og utsida vert sydd saman
kvar for seg fyrst.

Lommeklaffane (som er falske) og kragen skal
kantast med grøne band av ullstoff før ein syr dei fast.

No har eg sydd saman innsida og utsida med
grøne kanteband langs framkantane på vesten.

 
På baksida skal det vera strammereim med spenne.

Langs kantane skal det broderast ei bord, fyrst med
gult perlegarn...

...så med grønt.

Har juksa litt og berre laga knapphol på
venstre side.  Skulle det vore heilt rett,
måtte eg ha laga på begge sidene.

Vesten er ferdig i god tid før 17.mai.