lørdag 18. februar 2012

Bøting

Eg synest det er for gale å hiva klede når det vert hol i dei, spesielt viss plagga ikkje er så gamle og slitne ellers.  Ullklede brukar me ofte under andre plagg, så det gjer ikkje så mykje om dei er bøtte synest eg.

Hol i ei nesten ny joggebukse, eg synest
ho var litt for god til å kasta.

Sidan eg ikkje hadde stoff i same farge,
klipte eg ut eit stykke av lomma.

Det stykket eg klipte ut av lomma,
erstatta eg med eit anna stoff.

Sydde fyrst ein saum langs den rette
kanten, stoffet rette mot rette.


Deretter sydde eg rundt kanten, så no
er lomma intakt igjen...

...og det viser ingenting frå utsida.

Klart til å sy fast bota.
Ferdig.  Eg sydde med kvit tråd på
grått stoff, det hadde nok vorte meir
usynleg med grå tråd.

Neste prosjekt var seks holete ull-
stillongsar.

Denne gav eg opp.  Hola var så store,
eg hadde lappa han før, og så var han
for liten til minstemann.

Restane av ein gammal stillongs vart
til bøter.

Tidlegare har eg brukt enkelt stoff til
bøter, men denne gongen bruka eg
dobbelt stoff for å få det meir solid.

Siksakka rundt bøtene og rundt hola.
Ikkje så fint, men det går fint å ha under
ei bukse.
Små hol bøtte eg med tynt ullgarn.
Sydde på tvers etterpå og låste fast
masker som hadde begynt å rakna.




Ting går fort

Sist eg sydde ei bukse tok det sju år.  Dette prosjektet har eg hatt i hovudet sidan i sommar, men då eg fyrst sette i gang, tok det berre ein time.


Utgangspunktet var ei linbukse som eg hadde brukt.  
Holete og litt for vid i beina.

Eg ville prøva å sy ei bukse til Karina av stoffet,
så eg fann eit enkelt buksemønster.

Ferdig å klippa, berre to speglvende stykke.

Siksakka over alle sårkantar,
lin har lett for å rakna

Falden nede på buksebeina ville eg bruka til
løpegang for strikk, så eg måtte spretta opp
litt av falden før eg sydde beinsaumen.

Klart for å sy skrittsaumen,
her går det unna!

Bretta ned kanten og laga løpegang oppe.

Til slutt trædde eg strikk i løpegangane.
Ferdig!