lørdag 14. januar 2012

Serierenn på Sjusete

Kvart år vert det arrangert fem serierenn på Sjusete skiarena.  Dei yngste borna får premie om dei er med på minst tre av renna.  Når dei vert eldre er det tidtaking og premie til dei beste.  
Peter har fått startnummeret og er klar

Det var fyrste gongen for både Peter
og Karina, så eg fylgde Peter rundt
den 1,3 km lange løypa.

Litt knall og fall i nedoverbakken.

Når løparane kjem i mål, får dei varm
saft.  Otto hadde rekna med at han
skulle gå på tid i år, men det er fyrst
neste år.

Andføtes

Peter har egentleg rom i kjellaren, men han torer ikkje sova der. Martin og eg ligg i køyeseng i hovudetasjen, og no bur altså Peter og på mitt rom.  
Eg legg dei som regel til å sova i kvar sin etasje i
senga.

Men når eg legg meg, legg eg begge i same etasje.

Så ligg dei der andføtes med kvar si pute og ei
220-dyne på deling.  Til våren tenkjer eg dei får
flytta ned på rommet i kjellaren begge to.

torsdag 5. januar 2012

Ting tek tid

For snart åtte år sidan abbonerte eg på eit handarbeidsblad.  Eg ville gjerne sy bukser til eldstemann, så eg kjøpte dongeristoff (på Stof & Stil i Roskilde).  Men så skulle me flytta til Norge, og prosjektet vart nedprioritert.  Då me budde på Hellvik, klipte eg ut delane.  Guten hadde vakse, men eg hadde kjøpt rikeleg med stoff, så det var nok til å sy buksene i str 6 år.  Men syinga fekk eg ikkje tid til på Hellvik heller.  Var på nippet til å kasta heile prosjektet då me skulle flytta til Norheimsund, men eg ville gje det ein siste sjanse...

No er eldstemann ni år, men eg har ein gut på fem,
så han skal få ny bukse.  Eg fann igjen bladet med
mønsteret og alle delane.  Strikket er selen frå ei
kassert dynebukse.  Måtte kjøpa ny spole med
brunoransje dongeribuksetråd.

Sjølv om denne modellen er ganske tidlaus, valde eg
å ikkje sy heilt etter oppskrifta.  Eg hadde heldigvis
ikkje klipt beinstykka i tre deler slik det er tenkt
ifylgje mønsteret. Og sidan modellen er litt vid,
valde eg å heller ha løpegang med strikk nede
på buksa enn å falda opp på vanleg måte.

Ferdig bukse!

Pynta lommene med fine saumar.

Løpegangen nedst på beina er av eit tynnare bomulls-
stoff for at det ikkje skulle verta for klumpete.

Same stripete bomullsstoff inni lommene.
Viser egentleg ikkje, så eg må visa det
fram her.